onsdag 31. desember 2008

Godt nytt SY-ÅR!!

Ei nyttårshelsing til alle lesarar av bloggen og medlemmene i quilteklubben vår! Håpar de har fått sydd litt i desember også så de har mykje å vise fram på møtet 6. januar!


Og så eit lite tips:
For dei som er skikkelig trengde for eit kurs snarast,....... viss de er raske så er det ledige plassar på veskekurs med AnnaKa!! Kurset er i regi av Quiltekroken i Bergen, og då eg snakka med Mona på butikken der i går, så hadde ho 10 ledige plassar! Men som ho sa, no er folk begynt å vakne opp att etter julestria, og har lyst til å sy igjen!

Er du interessert i dette eller andre kurs som er helga rundt 20. feb, på Frekhaug litt nord for Bergen, så klikkar du her

1 kommentar:

Anonym sa...

Tkk for tipset! Godt at nokon vekkjer oss til live igjen. Eg er påmeld. Mvh Torunn