onsdag 25. februar 2009

Årsmøtekurs

Årsmøtet er no like rundt hjørnet, og det same er det årvisse "Årsmøtekurset"
I år er det Patricia Iden som er kursholdar, dette kurset heiter "Sybok".

Bilda under er frå utstillinga vår på Regionstreffet på Stårheim, då hadde ho med denne boka som fasinerte mange av oss. Boka er proppa med lure løysingar og flotte syteknikkar, og som ferdig er den å rekne som syerskens verktøykasse!!




Kurset er desverre fulltegna, så dei som no har lyst til å gå på kurs med Patricia, må nok vente til ein annan gong! Vi får heller glede oss til neste møte med vis og fortell og håpe at alle kursdeltakarane stiller opp med sine fiks ferdige Sybøker!!!

Dette kurset er på 12 timar og er fordelt over 3 dagar slik:

Fredag 6.3: kl 18-21
Laurdag 7.3: etter årsmøtet!
Søndag 8.3: Oppstart kl 9 eller 10? Dette avtalar kursdeltakarane med Patricia.

Ingen kommentarer: