Sit de i gokroken og syr eller er de ute og trassar det våte veret?? No er det visst like før sola kjem, for det ordnar Malakoff Rockfestival kvart år!! Berre 3 dagar til det, men inntil då, så kan de rekke å prøve ut eit tips som kom frå Torunn i dag. Bandbroderi! Ho kom over det i Familien frå 1996.
Klikk på bilda så blir dei større! Du kan også kontakte Torunn om du ikkje får til å forstørre bildet, då sender ho deg en kopi!! Sjå også bilder frå klubbmøtet i Mai , der var det Inger som hadde dette som tema og dekor på ein bunadskjortepose.
1 kommentar:
Ser ut som du har rett i at Malakoff Rockfestival fiksar sol, for her i Svelgen har vi sett sola i 20 minutt idag, og det er lysare ut i havet. Alle hjerter gleder seg....
Legg inn en kommentar