mandag 6. juni 2011

Junimøte

Det er tid for sommaravslutning og koselig klubbkveld tysdag 7.6 på Stokkenes gjestegard. Men vi legg ikkje handarbeidet bort fordi det vert sommar vel???
Aktiviteten uteblir ikkje denne kvelden heller, temaet er HEXAGON(sekskantar)!
Vi har tenkt å gje dykk litt idear og inspirasjon til koselig sommararbeid. Eit lite eller stort arbeid, det er det du som bestemmer. Men du skal få nok tips til at du alltid kan ha eit lite syarbeid på lur, i lomma kanskje? På fjellturen eller ute i hagen? Det er utrulege muligheter med desse små sekskantane, nokre lagar dei mikroskopisk små medan andre syr dei på maskin.

Vi legg opp til handsaum denne kvelden, så ta med sysaker, stoff i sommarlege fargar, stoff- og papirsaks og limstift.

Husk også å ta med det du har laga siste "Quilteår" til utstillinga vår!