onsdag 17. august 2011

Snart Låvemesse!!


Minner alle medlemmar om at tysdag 30.aug startar vi opp igjen med aktivitet i klubben vår.
Då møtest vi i Leivdalen hos Aslaug kl 18.30 og startar med å førebu det vi kan til Låvemessa som er helga etter.

Styret i arrangementet hadde møte tysdag 16.8, og det meste er no klart. Aslaug har gjort ein fantastisk god jobb så langt, så no håper vi at så mange som råd av medlemmane vil møte opp denne kvelden.
Mykje info er allereie sendt ut på epost/brev tidlegare, men det vert no høve til å sjå området og få ein grundig gjennomgang av korleis dette arrangementet skal gå føre seg. Om alle yter sitt, så vert nok dette eit spennande og kjekt prosjekt.
Vi har fått eit flott og variert utval av utstillarar til messa, så her vert det berre kvalitetsvarer å få kjøpt! Det er berre å gle seg!!

OBS! OBS!
Når det gjeld gevinstar til lotteriet, så treng vi snarast å få dei levert eller registrert. Dersom nokon ynskjer å levere til Lappestua (Siv), så er det innleveringsfrist der 24.8. Etter denne datoen vert ho bortreist. Då må gevinstane leverast på møtet den 30.8.

Det vert kaffi/te på møtet, anna å bite i tek kvar med til seg sjølv denne gongen.

Ingen kommentarer: