søndag 8. april 2012

Endå eit utruleg flott sengeteppe!

Det er ikkje lenge sidan her var eit innlegg om eit utruleg flott sengeteppe, sjå innlegget HER. Difor overraska det oss at det skulle komme endå eit fantastisk teppe rett etterpå! Denne gongen er det Torunn som har sydd dette mesterverket, og det kan trygt kallast eit mesterverk! Her er kombinasjonar av mykje; her er blokker frå kurs, blokker med sirleg utplukka blomsterbilder , godt miksa med motivstoff og til slutt ei flott quilting av teppet.
Ein flott quilta kant rundt, her er det brukt ein ferdig sjablong og tegna på før sying. Den er kjøpt på Lappestua v/Siv på Nordfjordeid.

Teppet er i sarte og søte fargar, og då passar det godt med motivblokker med muffins innimellom!! Dei kvite blokkene med ruter er frå kurset "Restetepper" med Nancy Eriksen.
Det er dattera til Torunn som skal få teppet, ho er blomsterdekoratør, og då er blomstermotiva nøye utplukka. Bilda er funne på internett, deretter overført til stoff.
Teppet er også vendbart med den enkle og ryddige baksida.

Blokkene vart quilta ferdig kvar for seg først, deretter sydd saman med stoffremser. Her er det brukt ein teknikk vi lærte på kurset "Dobbelsidig weekend" med Hilde Neset.

3 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Det var jammen eit nydelig teppe. Flotte farger som passar supergodt til motiva. Godt jobba :-)

Nancy in Norway sa...

Gratulere Torun. Kjempeflott teppe. Et ekte mesterverk.

Grete sa...

Kjempeflott teppe!
Og mye annet flott i tidligere innlegg også! Jammen er dere produktive!