Så nokre oppfordringar:
- Denne gongen ynskjer vi at du tek med deg Baltimore-arbeidet,... både til å sy på og til å vise kva ein har fått til så langt. Vi kjem til å dele ut 9 blokker til saman, og det er fint om så mange som mogleg prøver seg på ei eller fleire blokker.
- Kurs: Så vil vi gjerne at dei som gjekk på årsmøtekurset, tek med seg og viser det dei laga på kurset og evt. heime etterpå. Det er også fint om de vil ta med av det som vart laga på kurset med Birthe Lee Tveit, ikkje alle har fått sett kor mykje fint som vart laga då, og vi andre ser slikt gjerne to gongar!!!
- Siste oppfordring gjeld linjalar. Vi har hatt linjalkurs med Ingun i vinter, då brukte vi Twister-linjalane, Storm at sea og ein 60-graders linjal. No håpar vi at dei som har brukt desse linjalane, tek med seg det som er laga med dei. No veit vi òg at det er mange andre flotte linjalar i sving, td X-blokk-linjalen som er brukt i bildet på headingen på bloggen her.
- Så oppfordringa ang. linjalar er: Har du brukt ein spesiallinjal, NY eller GAMMAL, ta med deg noko som du har laga med den så vi andre kan sjå moglegheitene som finst!!!
Og butikkane tek nok kanskje med seg nokre fristande linjalar.........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar