Som vanleg startar vi dagen med ein god og lang frukost på Nordfjord Hotell!
Kl 12-18 vert det kurs på Stokkenes Gjestegard. Hilde Lien frå Molde er kursleiar på kurset som heiter "Korleis lage dine eigne motiv på stoff,- ingen grenser!" Eit liknande kurs hadde Hilde under Vestlandstreffet i Ålesund i 2011. HER kjem du til den kursomtala.
Mange likar å bruke nostalgiske bilder til overføring til stoff. På sida Old Photo Album finn du mange bilder du kan kopiere, under headingen står det til og med at dei er gratis å bruke (men ikkje i "salgsøyemed"). På siste klubbmøte var det kanskje nokre som lærte å lagre bilder ein finn på nettet, no får du bruk for det!!!
Då avsluttar eg innlegget på kvinnedagen med eit bilde henta frå bloggen Old Photo Album, ei flott dame som sikkert veit kva ho vil!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar