søndag 3. mars 2013

Møte 5. mars!

Mars er i gang og komande tysdag 5.mars er det tid for å møtast att.

På dette møtet har vi tenkt å prøve noko vi ikkje har hatt på klubbmøta våre før: Bruk av data!
Dei fleste av medlemmane brukar pc til å sjå på quiltebloggar, facebooksider og heimesider til firma innan quilting. Pcen vert også brukt til lagring av bilder ein finn på nettet og til overføring av eigne bilder frå mobil og digitalkamera.

Den digitale verda er blitt eit godt hjelpemiddel til quiltehobbyen vår, og vi har vel alle innarbeidd våre eigne arbeidsmåtar når det gjeld bruken av data. Dette er måtar som fungerer for kvar enkelt, og mange tileignar seg nye teknikkar etter kvart. Men vi må vel alle innsjå at den tekniske utviklinga går mykje fortare enn vi klarer å følgje med på. Noko nytt treng vi kanskje, men det kan være like viktig å holde på det "gamle" og sjå kva moglegheiter ein enno ikkje har utnytta.

Difor har vi tenkt at dette møtet skal være eit møte for utveksling av erfaringar og deling av gode råd og teknikkar.

Vi håpar at dei som har og brukar bærbar pc, kan ta med seg den på møtet. Og husk!!!...... det er ikkje meininga at her skal ein vise kor flink ein er, her gjeld det å dele på erfaringar og ein ting er sikkert: ALLE har noko å lære!! Ein vert aldri ferdig utlært innan data, små finessar er like interessante som dei store!

Hovudfokuset er bruk av bilder på pcen, dette meiner vi vil være nyttig å gå igjennom no når vi skal ha kurs på årsmøtet der ma. overføring av bilder til stoff er temaet.

Tema som kan være aktuelle å ta opp på klubbmøtet:

  • Korleis lage mapper på pcen
  • Overføring av bilder frå mobil/fotoapparat
  • Bruk av bildeprogram: beskjære og komprimere bilder
  • Andre nyttige tips vi kan dele

Vi tenkjer oss at når vi ser kor mange som har med pc, så deler vi oss i smågrupper der vi tek føre oss det som er mest aktuelt å ta opp. Her er det lurt at dei som td. brukar same bildeprogram sit i lag og lærer av kvarandre. Også dei som ikkje har med seg pc, kan setje seg der dei meiner dei kan ha noko å lære.

Det vert ikkje noko form for "forelesingar", her er ingen ekspert som kan alt. Det er viktig å få til det grunnleggjande arbeidet med dataen før ein tek til med bildebehandling. Dette er viktig for at du skal finne att bilda dine på pcen!!! Bildeprogram er ulike men tanken er at vi deler på det vi kan, løyser problem som dukkar opp i lag, og så håper vi at alle vil få nytte av ein slik kveld.

Så dette må du sjekke opp/ ta med om du har:

  • Bærbar data, husk laddekabelen!
  • Gjer også merksam på at vi kanskje har ulike typar pcar, Mac  og vanleg Pc. Bloggred. har typen Mac og har erfaring med den. Om nokon har Ipad, kan den også takast med.
  • Sjekk opp kvar slags bildeprogram du har på pcen din. Er du usikker på det, sjekk om du har Office-pakken, der er det som oftast eitt som heiter Microsoft Office Picture Manager. Har du eit avansert program er det ikkje sikkert at mange kjenner til det. Som oftast held det med eit enkelt program. Picasa er eit gratisprogram du kan laste ned frå internett.
  • Ta med fotoapparat til evt. overføring av bilder, nokre pcar kan ta imot minnekortet, andre må ha kabel, sjekk kva du må ha!
  • Det er ikkje sikkert at vi har tilgang på Internett, vi sjekkar opp det med eigar.
Då håpar vi på ein lærerik kveld på Stokkenes Gjestegard, er noko uklart må de ta kontakt med bloggred. 

Ingen kommentarer: