fredag 5. april 2013

"Sytorsdag"

Då inviterer vi alle medlemmane våre til ein koseleg kveld med symaskin!! Det er ikkje ofte vi får til å sy noko på klubbmøta våre, og no har vi eit spesielt oppdrag som vi skal gjere!!

Torsdag 25.4 frå kl 17.00 har vi leigt lokale på Stokkenes Gjestegard der vi skal jobbe med dette:


  • Sy kle og utstyr til dukka som vi skal ha til lotteriet vårt i september.
  • Sy sammen dei resterande blokkene av Dear Jane til små tepper/oppheng til det same lotteriet.
Dette tek du med deg:
  • Symaskin
  • Matpapir el. liknande til å tegne av mønster på.
  • Ta med eigna stoff til å sy dukkekle av, husk evt. knappar eller borrelås til lukking av kleda.
Dukka er  den ekte "Baby Born" dukka, og fleire av medlemmane har gitt beskjed om at dei har mønster og bøker med mønster som er tilpassa denne storleiken. Oppfordrar desse til å huske å ta dei med!!
Du finn mykje inspirasjon til både strikka og sydde dukkekle på den flotte bloggen til Timotei, ta ein kikk og bli imponert!

Dei som ynskjer å sy saman Dear Jane-blokker, treng ikkje å ta med stoff. Klubben kjøper inn stoff, vatt og bakside. 
Bildet under er av eit teppe vi i klubben har sydd sammen tidlegare, kikk her for å sjå eit innlegg frå 2008. HER er alle innlegga om Dear Jane som er publisert på bloggen vår.

Det er restblokkene frå dugnaden vi hadde med Dear Jane vi no skal sy sammen til flotte gevinstar. Har du spørsmål om blokkene, så er det materialforvalter Berit som oppbevarer desse.

Nokre av medlemmane har også sagt at dei vil strikke kle til dukka, desse må gjerne møte opp og lage seg ein eigen strikkekrok og kose seg der!! Kanskje kan ein her også dele på strikkeoppskrifter!

Til alle: Ta med deg fotoapparat så du evt. kan ta bilde av modellen du vil lage, for vert du ikkje ferdig denne kvelden, så har du noko å sjå etter.

Som nemnt over så startar vi kl 17, ....og så sluttar vi når vi ikkje orkar meir!! Vi lagar kaffi, og om nokon vil ta med kaffimat, så er det fritt fram. Det er ikkje organisert noko mht. matvert, for denne kvelden er det koseleg sying som står i fokus!

Er det nokon som har spørsmål, kontakt leiar eller nokon annan i styret! Då håper vi på stort frammøte, og kanskje kan vi håpe på godt syveir??? (det vil seie ufyseleg regnveir!!! :) )

Ingen kommentarer: