I år var det Hilde Lien frå Molde som hadde årsmøtekurset hos oss. Dette var eit kort dagskurs som vi hadde etter årsmøtet.
Her fekk vi lære korleis ein lagar eigne "scrapbook-bilder" som ein overfører til stoff. Bilda under viser mange modellar som Hilde har laga, og mykje av det utstyret ho brukar.
Nyttig utstyr er fine papir, mote- og interiørblad, noteark, gamle bøker med fine skrifter, stempler og stansemaskiner. Alt vart klipt, rive og limt på ark for deretter å klippe ut den fasongen ein ville ha overført til stoff.
Dei øverste bilda er av Hilde sine modellar, lenger nede er det av kursdeltakarane sine arbeid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar