torsdag 8. august 2013

Oppstart på ny og aktiv sesong!

Ja damer, det er på tide å komme i sving igjen!
Mange har nok fått sydd mykje i regnveret denne sommaren, og no håpar vi at de er i god rute til Eidamessa 13. -15. september.
Husk å lage ein gevinst til lotteriet vårt, og så håpar vi at de har laga flotte produkt til salsmessa.

Men første "møtet" vårt vert allereie 26. august, då førebur vi oss til messa ved å ha dugnadsbaking av NATRONKAKER! Vi skal ha natronkaker både til salg i posar og til kafeen vår.

Bakinga  vert måndag 26.8 kl 18.30 og vil foregå på same plass som i fjor, kantina på Stårheim bilverkstad.
Det vert ordna med innkjøp av alt vi treng til bakinga, men det vert truleg behov for at nokon tek med seg takke.
Vi oppmodar medlemmane om å stille opp på denne dugnaden, og er det så at du ikkje kan å lage natronkaker, så er dette din store sjanse til å lære deg dette no.  Det er å merke seg at det ikkje er plass til alle medlemmane i lokalet, så om vi får eit luksusproblem med mange påmelde, så må vi kanskje prioritere dei som ikkje var med i fjor. Dei som no ynskjer å vere med, tek kontakt med Laila U. Piel snarast så vi får oversikt.

HER finn du innlegget om dugnaden i fjor, og som de ser, så hadde vi det veldig kjekt i lag med både å bake og å smake!! Og vi laga 550 kaker!! Om de vil prøve ut bakinga før vi møtest, så finn de oppskrifta på innlegget frå i fjor.

Då håper vi på mange frammøtte denne dagen!! Velkomne!

Ingen kommentarer: