Haustens første kurs er ikkje langt unna, om knapt 7 veker så kan du delta i Buggy Barn kurs der Marie Myklebust frå Breim vil lære oss å sy hjerteblokker.
Kurset vert 28. og 29. sept. på Stokkenes gjestegard, påmelding vert på klubbmøtet i september. Set av helga, for dette vert eit kjekt kurs. Alle bilda under er lånt frå bloggen til Gloppen lappe-og quilteklubb, der har mange av medlemmane gått på eit slikt kurs.
Når ein ser så flotte og fargerike quiltar, så kriblar det i sylysta, så no er det berre å begynne å plukke fram stoff som du vil bruke. Og som du ser, så vert det like fint same kva fargeskala ein vel. Dette kjem til å bli eit flott kurs, vi gler oss!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar