tirsdag 13. januar 2015

Weekendbag-kurs med Andrè Wallenborg!




Då har Andrè vore i Nordfjord for tredje gong og halde kurs! Og som før vart dette eit lærerikt og kjekt kurs.

Det er mykje arbeid med ei slik veske, og mange lure tips å få med seg langs med. Kursa til Andre er alltid godt velorganisert med instruksjon og sying i passelege bolkar, og han passar på at ingen blir hengjande etter i prosessen. Nokre sydde visst på veske nr 2 innimellom også!!

Her er modellen til Andrè.


Ein STOR gjeng med fornøgde quiltarar er no klare for ein weekendtur med ny veske no snart.....
...og sjå berre her kor mange flotte utgåver av same modell, her er ingen to like!








Ingen kommentarer: