fredag 20. februar 2015

Frå foto til quilt!!

Er så imponert over alt som er mogleg på nettet! Kom over ein link på Facebooksida til Lappesnellene i Holmestrand, Om korleis å lage quiltemønster av eit bilde! Og det er gjort med berre nokre få tastetrykk!

Det er på sida til Victoria and Albert Museum   i London at dette kan gjerast. Der står det  på engelsk : Patchwork pattern maker,  vidare oversett til norsk: "Lag eit  hvilket som helst bilde om til eit patchworkmønster!"

Dette måtte prøvast, og eg googla EPLE, fann eit bilde og lagra det på pcen. På denne sida er det eit felt der du lastar opp bildet ditt, må ikkje være over 2 mb.


Du får opp ei side der du plasserer utsnittet av bildet du vil bruke, gå så vidare.
Systemet vel først eit bilde med medium "oppløysing", med 15 fargar og 20 x 20 lappar, då blir det slik:

Du kan velje ei betre oppløysing, max som går an å få til er 20 fargar og 30 x 30 lappar:


Fint???? Dette kan vi vel bruke?? Iallefall ein måte å skape din eigen quilt! Lykke til med dine forsøk!

Ingen kommentarer: