onsdag 18. mars 2015

Velkommen til årsmøtehelg!!

Då ynskjer styret alle medlemmar velkomne til ei innhaldsrik årsmøtehelg!

I tillegg til årsmøtet som startar laurdag kl. 10.00 så har vi eit fullbooka helgakurs med Anne Beier Finnestad! OBS! OBS! Det startar fredag kl 18!

Minner medlemmane om at dei må skrive ut og ta med årsmøtepapira, dei ligg som vedlegg på epost de har fått tilsendt 6. mars!

Vi har i mange år hatt tradisjon med å ha både årsmøte og kurs same helga, dette for at dei som har lang reiseveg, skal få "både i pose og sekk"! Og det gjer dei og litt til vil vi tru, for i overgangen mellom det formelle årsmøtet laurdag og kursstarten, så diskar vi opp med eit smakfullt koldtbord!

Vi gleder oss veldig til kurset med Anne, dei som var i Florø på Vestlandstreff i haust, fekk sjå kor mykje fint som vart laga då. Vi skal få prøve både måling på stoff, applikasjon og bruk av stoppefoten. Kursleiar har med seg mange modellar, så vi kjem ikkje til å mangle inspirasjon!!



Sjå på alle desse fine arbeida hennar, er det rart vi gledar oss????




Alle bilda er lånt frå heimesida hennar, den finn du HER!


Velkommen til Nordfjord Anne, vi er klare med symaskiner og ein haug med stoff!!!

Ingen kommentarer: