Opp gjennom åra har Siv hatt som tradisjon å lage til ein aktivitet, vi syr ein liten ting som passar i å henge opp i juletreet eller i ein dekorasjon. Så tusen takk for årets ide!
"Vis og fortel" var som vanleg rikholdig med mange flotte quiltar, nokre av desse vart også julegåver til venner og familie. No er alle julegåvene pakka opp, så då kan bilda visast her også!!
Over og under, frå kurset med Helle Løwenskiold, "Hunter star" og "Hex n more".
Sydd etter mønster frå siste julehefte av Wenche Wolff Hatling.
Primula Design var der som vanleg med butikken sin, det same var også Lappestua-Eid.
Julemøtet er eit møte med ekstra god mat med julesmak! Mange flotte rettar, kaker og snop, ein heilt topp førjulskveld for alle frammøtte!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar