På sida til Moda er det mange flotte tips og gratismønster.
Denne toalettveska/ pennalhus/???? Strippy Charm Pouch er enkel å sy og kan brukast til oppbevaring av litt av kvart. Her kan du bruke smårestar til stripene, men du kan også setje saman alt du har av restar og prøvelappar berre du endar opp med rett storleik på delane. For den erfarne quiltar er det sikkert ikkje problem å forstørre mønsteret ut frå denne ideen!
Mønsteret er berre på engelsk, men vi er vel blitt bra van med å ha fokus på tala/inchmåla, og då klarer vi å skjøne det meste. Om det er engelske ord du lurer på, kan du oversette ordet til norsk på DENNE sida! Det er også gode bilder av framgangsmåten på sida.
Tipset om dette mønsteret dukka opp på Quiltesiden på Facebook der Laila Kristin Skauge har lagt ut dette bildet under av det ho har sydd etter dette mønsteret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar