søndag 19. februar 2017

Bilder frå februarmøtet!


På februarmøtet var det så stort oppmøte at vi fyllte to store langbord, for når 38 ivrige medlemmar skal styre med kveldens aktivitet, ja då må ein også ha plass! Det er lenge sidan vi har sett eit så stort engasjement som på dette møtet då Laila B. viste korleis ein laga Meshwork. Butikkane Primula Design og Lappestua-Eid hadde stoff og utstyr, og det var mange som fekk prøve denne teknikken. Vi skal fortsetje med dette på neste møte i mars også, så då er det mange som kan litt frå før. Denne gongen var det enkel "lerretteknikk" vi brukte.
Solfrid har gått på kurs i Meshwork før, under her er nokre modellar av kva farge, teknikk og val av "innslag" kan gjere!

 Under her er innslaga diverse blonder og krokalisser! Flott effekt!

Bilder frå "Vis og fortel".


Stort teppe i. Bargelloteknikk, sydd av Tove.

 Flott sommarduk sydd av Anne Marie.
 Mange ting under her er sydd av Solfrid.


 Husteppe sydd av Solfrid.



 Her er det brukt linjalen Hex n More.





 Solfrid hadde med ei gåve ho hadde fått som vervepremie, nydelig bilde sydd av tette sting på maskin.
Kunstnernamn kjem seinare her.
 Løpar sydd av Reidun.
 Løpar sydd av Aud T.
 Gitte har brukt mange mønster frå denne boka, ho anbefaler denne!!

 Gittes heimelaga knapp!!
 Quilting lært på kurs med Merete Ellingsen, Gittes arbeid!
 Gitte har sydd mange slike brikker, artig motiv av AnnaKa.

 Barneteppe.


 Haldis held på med eit teppe til eit kommande barnebarn, kantane er ikkje ferdig enno. Her er X-block-linjalen brukt.


 Britt S har sydd både veske og liten pung.

Meiner å huske at dette var Strikkepinneveske, legg inn info om det dukkar opp meir!