Det var vanlege årsmøtesaker og 3 innkomne saker som vart drøfta med dei mange frammøtte. Vi hadde gode innspel frå deltakarane på møtet. Om medlemmane ynskjer å vite meir om avgjerder vi tok, kan ein kontakte sekretær for å lese referat.
Takk til møtedeltakarane for positive og kreative innspel i sakene.
Så til valet:
Vår gode leiar gjennom heile 6 år, Anne Marie Holsvik, valde no å gå ut av styret. Ho har vore ein tydeleg og samlande leiar, og det blir ikkje lett å "hoppe etter Wirkola"! Vi reknar med henne som ein rådgjevande medlem i framtida, så dette skal nok gå bra! Tusen takk for jobben du har gjort Anne Marie!
Det nye styret ser slik ut:
Leiar Mariann L. Hatlenes 2018
Nestleiar Torunn Føllesdal Utnes 2018
Kasserer Rigmor Kvalheim 2019
Sekretær Laila Utnes Piel 2018
Materialforvalter Laila Brekke 2018
Kursansvarleg Ingun Vaksdal 2019
Revisor Ingebjørg Lillebotn Utnes 2018
Inger Lise Strand 2019
Valnemnd 2018 Anne-Marit Ripe Daviknes 2018
Hilde Strøm Os 2018
Mona Skålerud 2019
Leiar og nestleiar tek med seg dei oppgavene dei har elles
Kursansvarleg og matrialforvalter jobber saman
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar