Tysdag 5.9 kl 18.30 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard.
Etter ein lang ferie vert det kjekt å sjå kvarandre att, og om det er nokon som ynskjer å bli med i klubben vår, så er dei også velkomne!
Organiseringa av møta vert slik vi har hatt det med nyttig info om:
- Orientering om aktiviteten i hausthalvåret (møter og kurs) v/Ingun og Laila U.P
- Referat frå styremøte 29.8.17 v/Laila U.P
- Info om førebuingane til Regionstreff 8.4 2018 i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid v/Gitte og Aslaug
- Kveldens aktivitet v/Ingun
- Sybutikken Primula Design blir der med fristande varer.
- Kaffipause med noko attåt, v/Matvertane (ansvarsliste står på høgresida på bloggen her)
Denne hausten har vi valt å ha eit tema der vi ser langt austover,.....heilt mot Japan.
Vi tek rett og slett ein JAPANSK HAUST!!
Her har dei lange tradisjonar innan stoffproduksjon, handarbeid, og quilting i ulike teknikkar og stoff. Du kan lese litt på bloggen Blossom heart quilts om quilting i Japan!
Bildet er lånt frå bloggen Signes sammensurium, her finn du fleire bilder også!
På septembermøtet vert temaet JAPANSK bretteteknikk.
Vi skal lage denne blokka i to variantar:
- Med handsaum
- Med symaskin
Du vel kva for ein teknikk du vil prøve, ta med deg utstyr slik:
- "Vanleg syutstyr"
- Synåler eller symaskin!! :) :)
- Eit stoff på ca 25 x 25 cm
- Eit stoff på ca 15 x 15 cm (kontrastfarge til det første stoffet)
- Litt tynn vatt, ca 15 x 15 cm
- Om du har litt tynn kartong ca 25 x 25 cm, så ta med det! (Og papirsaks i så fall)
Du kan lage samme blokka med symaskin, i MyQuilt 2/17 stod det mønster til denne løparen av Kari Renolen. Bilda over viser hennar løpar som var på utstilling i Sybutikken Lillehammer.
Det vert "Vis og fortel", så ta med deg noko som vi andre kan få sjå!!
Velkomne!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar