Vi arrangerer søndagskurs for medlemmane våre 22.10 i teknikken "Kaleidoskop".
Stad: Stokkenes gjestegard kl 10 til ut på ettermiddagen ein gong 😊
Kursholder: Randi Røys
Vi har ledige plassar, så meld deg på til Ingun!
Alle bilda over her er av tepper som er laga av Randi. Ho kjenner godt teknikken og vil hjelpe oss med å velje ut fargar som vil få fram fine effekter. Som de ser på alle bilda i innlegga her, så er alle blokkene like, men får fram ulike effekter med val og plassering av fargane.
Det er ein eigen linjal til dette, den finst både som stor og liten.
Her er ei ferdig blokk :
Du treng å ha med deg :
- Linjal om du har! Linjalen "Lemoyne star" kan truleg også brukast, ta den med om du har!
- ca 60 cm av minst 4 stoff, vel deg eitt som skal være ein botnfarge.
- Fargeblyantar!! Vi skal prøve ut mønsteret på papir slik at vi enkelt kan planlegge effekten av stoffa vi har med.
Bilder frå Pinterest:
Velkommen til kurs!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar