onsdag 3. januar 2018

Bilder frå januarmøtet!

Årets første møte er over, og vi hadde ein kjekk start med mange frammøtte.

Denne gongen hadde vi fokus på stitchery og korleis overføre frå mønster til stoff. Vi fekk vist og prøvd ut ulike måtar til dette, og det vart delt mange kreative tips!

Her er nokre av dei:

  • Du kan sjølvsagt kjøpe ei ferdig lyskasse og betale en del for det, men....
  • Ei fortalde om gjenbruk av ei plastskuff frå eit kjøleskap som ein har lys i :)
  • Bruk av Ottlite sylampe under det store, blanke "sybrettet" til symaskina.
  • Bruk av Ottlite sylampe under ein stor "kvadratlinjal" på 12,5 inch
  • Feste mønster og stoff på vidndu i godt dagslys eller helst solskin
  • Bruke kalkerpapir
  • Bruke blyant på matpapir og tegne på begge sider, for så å tegne hardt på blyantstrekane igjen, då smittar det over på stoffet, slik vi gjorde som barn!!
  • Bruke spesialark som kan skrivast ut på skrivar, som igjen blir limt på stoffet. Dette kan etter sying vaskast bort i lunka vatn, dvs. at stoffet er vannoppløyselig
  • Fleire tips kjem her,.....det var noko til som pr. no ikkje kan huskast!!  skal oppdatere!!
  • Bruk av "overføringsark" Bohin, bildet under her. Dette kan brukast om att og om att!


Mykje fint å sjå på "Vis og fortel":











 Over og under: små fine julequiltar som kjem frå Quiltearrangementet i Birmingham i august -17.
 Dette er til å feste julekort på sløyfa,...med små klyper på!






Desse bilda er knytt til kurset vi hadde med Grete Gulliksen Moe der vi sydde på Rasterquick.



Flott veske som eit medlem har kjøpt av ein kunstnar i Thailand, denne teknikken med papirbretting, Mexikansk bretteteknikk, har vi lært i klubben vår før, på møtet vårt var dei ei som sat med akkurat denne teknikken!!
Vi hadde oppfordra medlemmane våre å ta med gamle quiltar, her såg vi arbeid laga på 70, 80 og 90-talet.











Vendbare brikkeband!!



Denne over er sydd i 1975!





Takk til matvertane for god servering!!


Ingen kommentarer: