fredag 11. mai 2018

Lukkekant!

Lukkekanten på ein quilt er siste finish, og korleis du lagar den, kan være med på å gje quilten ein ekstra flott utsjånad.

Og det finst mange alternativ!!


  • Enkel lukkekant
  • Dobbel lukkekant
  • Ein ekstra "tittekant" før du set på lukkekanten.
  • Lukkekant med tittekant!
Når du skal sy på lukkekant, så brukar dei fleste inchlabben til dette, difor er også kuttemåla til stoffremsene oftast tilpassa til det.

Her er ein video som viser korleis du syr på lukkekant, laga av Desiree:


Enkel lukkekant skjer mange i ei bredde på 1,5", nokre bruker 1 1/4 ". Dette er litt avhengig av kor tjukk quilten er. Om det er ein vanleg løper med tynn vatt, er det akkurat nok med 1 1/4".

Denne kanten er det også lurt å bruke dersom stoffet til lukkekanten er litt tjukt.

På bloggen til Ritas handarbeid finn du framgangsmåte til denne steg for steg.


Dobbel lukkekant:

Blir laga av dobbelt stoff, på sida til AnitraS står det at ho kutter stoffet i 2 1/4 ".

På sida til AnitraS finn du framgangsmåte til den.





Ekstra tittekant: 

Quiltemagasinet har lagt ut mønster til ein flott Solløper, her er det vist ein litt brei gul kant ved sida av lukkekanten. Bredda av ein slik kant må ein vurdere,.....skal den ta igjen berre litt av fargen i quilten eller skal den være litt dominerande??


HER er link til mønsteret!

Lukkekant med tittekant:

Du kan også lage ein dekorativ lukkekant på ein enkel måte. Metoden er egentlig den same som dobbel lukkekant, men består av at du syr sammen to remser i ulik bredde først, bretter dobbelt og stryk.





På bloggen til Sewfreshquilts ligg det framgangsmåte til denne. (over)




Bloggen QuilteHilde  har også eit innlegg om slik lukkekant, ho kallar den "todelt lukkekant". HER kan du sjå framgangsmåten bilde for bilde!

Ingen kommentarer: