lørdag 24. november 2018

Bilder frå oktobermøtet!

Endeleg kjem bilda frå oktobermøtet vårt!


Dette var eit møte med mange frammøtte og mykje flotte quiltar å sjå! Denne dagen hadde vi invitert naboklubben vår Gloppen Lappe- og quilteklubb, og dei  hadde også svært mykje flott å vise oss!
 Vi starta "Vis og fortel" ved at vårt medlem Aud viste eit utruleg flott teppe, det heiter "365 Challenge" og her er det 365 blokker! Dette er eit opplegg som har gått på nettet i regi av Kathryn Kerr, og utfordringa var å sy  ei blokk kvar dag!! Nyt bilda og det utruleg arbeidet! Teppet er STORT!!





Eitt av medlemmane i Gloppen har sydd dette teppet, "Oldemorsruter". Det var kjekt å sjå dette teppet på møtet fordi vi akkurat då hadde påmelding til kurs i denne teknikken. Kurset hadde vi no i november og bilder  frå vårt kurs finn de her på bloggen.

 Gitte hadde teke med mange flotte juletre som ho har laga, slike tre har både vi og Gloppen hatt kveldskurs i! Eit veldig populært minikurs som samla mange!



Primula Design hadde som vanleg med flotte stoff og mønster, kjekt for oss å kunne handle litt på ein møtekveld!






















































































 På møtet hadde vi eit lite tema om korleis sy "Katedralvindu" og vi hadde litt modeller og ein liten demo. Om du vil lære ein enkel måte, så finn du ma. litt info her:
https://snapguide.com/guides/do-a-cathedral-window-quilt/






Vi hadde sjølvsagt litt godt til kaffipausen som vanleg, takk til matvertane som stilte med gode kaker!




Vi hadde ein aktiv kveld og som de ser av bilda, og det var mykje å sjå og bli inspirert av. Men det er utruleg kjekt å møte nye quiltarar som viser kva dei er opptekne av, og vi håper at dei også fann litt inspirasjon hos oss.

Takk for besøket og kom gjerne igjen ein annan gong!

Ingen kommentarer: