På dette møtet får vi besøk av Sølvi Mikkelsen frå Sølvi quiltestudio. Ho skal levere nokre ferdigquilta tepper, og opplyser at om nokon vil ha quilta tepper, så kan ho ta imot dei på møtet!
Tema på møtet vert å sy ei lita nålepute i ein teknikk,..... det er Anne Marit Daviknes som har teke utfordringa til å vise teknikken. Så ta med litt stoff og sysaker, det er ikkje mykje som skal til her!
INFO frå Anne Marit om den nåleputa ho vil vise! (vi veit ikkje kva for ei ho har valt ut!!)
Til den nåleputa treng ein 9 rektangel på 1 1/8×1 3/4 inch . i assortert valg fri farge. Samme mål i lyse stoff. 1 bit på 4 3/4"×4 3/4" til bakstykke. 2 biter med tynn vatt. Anne Marit har berre brukt 3 farger av kvar!
Vi har tidlegare nemnt at vi kan delta på julemarknaden som skal være på Stårheim 15.12. No veit vi at vi kan få være i lokale inne, så det er fint om dei som kan tenkje seg å delta med noko, seier frå enten på møtet eller sender melding til underteikna på tlf 95869301 snarast. Det er litt nær jul, men tenkjer at dette er ein fin plass til å vise litt av det vi gjer og vi kan dele ut litt info om klubben samstundes. Og er vi meir enn to som hittil har meldt seg til å være med, så kan det bli ein fin stand! Så om du ikkje har så mange ting, så blir det mykje når vi er fleire!
Det vert elles vanleg møteinnhold:
- Lotteri
- Litt butikkvarer frå Primula Design
- Ein god kaffipause
- Vis og Fortel, kanskje med quiltar frå siste kurs?
- Og god prat over syarbeidet
Velkommen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar