mandag 6. juli 2020

Vi deltok på Sommarshopping!

Sist laurdag var klubben invitert til å delta i gågata på sommerens første Sommarshopping! Denne laurdagen kalla dei hobbylaurdag og då passa det godt å vise fram vår kjekke hobby.



Vi hadde med oss litt av kvart, og sidan vi hadde veldig kort varsel på oss, så var og utvalet deretter!
Men tepper og løparar vart vist fram i det uventa flotte vêret, og litt salg vart det. Men aller mest vart det mykje kjekk prat med dei som stoppa opp. 














 Vi fekk stå rett utanfor butikken til Primula Design, der var det gode tilbud denne dagen og då måtte vi også handle litt også😊!


Lokalavisa Fjordabladet var også på tur i gata, så vi slapp ikkje unna der, men likevel koselig at vi vekte merksemd med stoffa våre i friske fargar!







Ingen kommentarer: