søndag 3. oktober 2021

Ein flott universalpakke!

Om du har  ein "Charmpakke"  på 5x5 inch, så er det utruleg kor mykje du kan få ut av den. 


(denne er brukt som døme, er ikkje samme pakke som er brukt i løparane!)

Medlem Anne Marie hadde ein slik, og tenkte ho kunne bruke litt av den til ein løpar med mønster frå Quiltemagasinet nr 2/19.


Ho starta på den eine av dei som det var mønster til, og fekk ein flott løpar.


Men ho fekk meir til overs,.........akkurat slik som i reklamen i Europris,
så då vart det ein til.


.....og historia fortset, for ho brukte fleire ruter og fekk denne firkanta brikka!

Men historia fortset vidare utan at det kan visast her, for ho trur at det er nok stoff igjen til endå ein løpar.

Det må også nemnast at alt det lyse stoffet sjølvsagt kjem i tillegg til charmpakkem. Så har du ikkje ein slik pakke, så bør du kanskje vurdere å kjøpe deg ein slik!! Sybutikken Primula Design har utvalet til deg!!


Ingen kommentarer: