mandag 1. november 2021

Velkommen til eit annleis medlemsmøte!

 I morgon 2.11 ynskjer vi velkommen til eit medlemsmøte på ein ny måte! Om det er nokon som no lurer på å bli med i klubben vår, så ta turen innom denne dagen og bli så lenge ein ynskjer!

Det vert  ein medlemsdag der vi prøver ut endra åpningstid på møtedagen. Men samtidig vert det medlemsmøte etter ordinært opplegg. Målet med denne utvida opningstida er å lage til mulighet for å sy i lag på møtedagen. Vi har mange medlemmer som har lang reise til klubbmøta, og det er sjelden vi har tid og høve til å sy på møta pga plassmangel. No legg vi opp til at det er høve til å bruke tida til å sy i lag, ha det sosialt i lag med andre og kanskje ta ein pause og besøkje Sybutikken Primula Design for påfyll av meir stoff!

(bilde frå Pinterest)


 Dagen vert organisert slik:

  • Dørene opnar kl 12, du kjem når det passar deg!
  • Det er inga påmelding!
  • Du organiserer sjølv ein plass til å sy på.
  • Alt utstyr til klubben vert tilgjengelig
  • Du kan kanskje sy blokker til lotteriteppe?
  • Ta med mat og drikke til pause (og til klubbmøtet seinare)

Vi håper at dette er eit tilbud som mange vil nytte seg av, og erfaringar frå dette tek  vi med i vurdering om vi skal gjere dette fleire gongar.

Klubbmøte vert etter vanleg modell:

  • Klubbmøte 18.30-21.30
  • Velkommen og litt info v/Gitte
  • Aktivitet med symaskin v/Haldis
  • Kaffipause- du tek med mat og drikke til deg sjølv
  • Lotteri
  • Vis og fortel

Velkommen til ein spennande dag på Stokkenes Gjestegard!!

Ingen kommentarer: