Vi ynskjer velkommen til maimøtet, tysdag 3.5 kl 18.30-21.30.
Denne gongen har vi ikkje noko spesielt opplegg, så ta med deg det du held på med.
Tidlegare år har vi laga ulike ting knytt til nasjonalfargane våre, så ta med deg til Vis og fortel om du har noko vi andre kan få sjå!
Tipsar her om den flotte løparen som medlem Synnøve har lagt ut mønster på HER! Om nokon vil prøve seg på ein slik, så ta med deg stoff/utstyr så er det råd å få om teknikken! Vil du ha med symaskin, så er det ok!
Det vert elles vanleg opplegg med
- "Vis og fortel"
- Kaffipause
- Primula Design med fristande varer.
Matvertar: Hilde Elvebakken, Signy-Alise Halle, Bodil Johnsen, Aud Leirvik.
Velkommen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar