søndag 30. oktober 2022

Gjer deg klar til klubbmøte !

Kalenderen nærmar seg november og allereie 1. november er det tid for klubbmøte igjen på Stokkenes Gjestegard!

Denne gongen er det "langdag" og dørene opnar kl 12. 

Det vert vanleg klubbmøte i tida 18.30-21.30.

Til dei som vil komme tidleg:

  • Ta med det du vil sy på, klubben sitt utstyr vil være framme.
  • Treng du råd om noko, så tipsar  og hjelper vi kvarandre.
  • Ta med deg niste for dagen, kaffi/te vert tilgjengelig.
Kl 18.30 starter vi med vanleg klubbmøte. Denne kvelden vert det:
  • Vi mimrer og deler opplevingar og info frå Vestlandstreff i Molde.
  • Informasjon om kurset med Daisy Aschehoug.
  • Vis og fortel
  • Sybutikken Primula Design er der med butikk!
  • Tema for kvelden er framleis Solsikker, vi jobbar med blokker som er ca 13 inch. Ta med deg blokk om du har laga, vi organiserer nokon som samlar inn.
  • Mariann vil vise ein enkel måte til å lage solsikker med teknikken "Dresden plate". Til dette treng du å ha med deg: Ein litt lang rett linjal, papirsaks, skjæreutstyr, gule stoff som er minst 4 inch breie. Symaskin, men du kan også gjere mykje med handsaum.



Ingen kommentarer: