Det er av og til ein berre oppdagar noko kjekt, i dag oppdaga eg Alf!
Er på oppdrag i Bergen, og langt borte mot enden av Strandgata ligg denne butikken.
Butikken er eit arbeidstreningsopplegg i regi av Bergen kommune og har visjonen å få folk ut i arbeid.
Her er det utruleg mykje flotte varer som deltakarane produserer, og det lyser kvalitet og mykje flott design.
Men høyr her folkens, her får du kjøpt quiltestoff!! Endelig i sentrum igjen!
Senteret tek inn stoff til arbeidet sitt, og sel av lageret sitt!
Her er mange ulike produkt som er sydde, brikker løparar, kle, adventskalendere mm, pluss fantastiske produkt av glas og tre.
Bilda fortel det meste, så stikk innom om du skal til Bergen ein gong!
Byhelsing frå
Mariann L. Hatlenes
1 kommentar:
Kjekk butikk. Der har eg vore mange gongar, for vi har "hytte" like ved. Kjekke folk som jobbar der også.
Legg inn en kommentar