Tysdag 2. mai inviterer vi til ope hus på Stokkenes Gjestegard kl 18.30 med basar til inntekt for Ukraina!
Vi ynskjer alle velkomne og håper på god gammaldags basarstemning.
Vi har hatt mykje fin omtale i lokalavisene våre, og som før nemnt, så går all inntekt direkte til "Ukrainahjelpen".
Dørene opnar kl 18.30 og vi spander gratis mat og kaffi på alle.
Det vert åresal og framleis høve til å ta lodd på bok. Du kan bruke kontantar eller Vipps på basaren. Trekning vert rundt kl 20.30.
Vi har no hatt to veker med loddsal på Alti og Rema 1000 på Nordfjordeid i tillegg til loddsal via Vipps. Klubben takkar alle som har teke lodd hittil, det er ei god sak det er jobba for og medlemmane i klubben har lagt ned eit stort dugnadsarbeid både ved å lage gevinstane og å arrangere lotteri og basar. Vi har medlemmer i klubben frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre, og dei har også engasjert seg i loddsalet i sine område. Så takk til alle loddkjøparar frå Sunnfjord i sør til Ålesund og Sykkylven i nord, og til andre rundt i landet som har kjøpt lodd via Vipps/SMS!
Denne kvelden er også dagen for medlemsmøte i klubben, så då brukar det også å være "Vis og fortel" der medlemmar viser fram sine eigne arbeid. Sidan denne kvelden er "ope hus", så håper vi at mange vil komme innom og sjå kva vi held på med i klubben vår, og kanskje har lyst til å være med vidare i klubben. Vi har rundt 50 medlemmer, men har alltid plass for fleire som vil "leike seg" med stoff og glade fargar!
Velkommen til alle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar