tirsdag 16. mai 2023

Hurra for 17. Mai!

 Det er 17. Mai i morgon og tid for fest og nasjonalfargar.

Mange har nok sydd seg fine løparar til akkurat denne dagen, og ekstra kjekt å pynte med noko ein har laga sjølv.

Både bloggredaktør og sikkert mange av lesarane har ikkje funne tid til å sy ein slik, så kanskje det kan bli i år?? Ein rekk nok ikkje å få den ferdig til borddekkinga i år, men det er kanskje ein ekstra inspirasjon å sy i desse raudt-kvitt-blått akkurat no!


Denne løparen er sydd av medlem Synnøve, SyOddny, teknikk som er brukt heiter Villblomst. 

Her er ein kort beskrivelse av framgangsmåten:

Dei store kvadrata er 3x3 inch og dei så kvadrata er 1,3/4 inch.

Dei små Firkantane bretter ein diagonalt/ skrått frå hjørne til hjørne, stryk. Brett ut igjen og legg dei små firkantane kant i kant i eine hjørnet på dei store firkantane. Syr i bretten,legg over og stryk så ein får ein trekant i hjørnet.

Sømmon er 1/4 " . Legg ihop 4 firkanter med trekanthjørne og snur så ein får ei vindmølle. Syr så ihop blokkene til villblomster og slik ein vil ha duken.








Tusen takk til SyOddny for at ho deler mønster med oss!

Og for oss som bur på Vestlandet, så blir nasjonaldagen ein våt og kald dag, kanskje med snø ned i fjella, så då kan ein kanskje planlegge litt sying då eller dagen derpå!!

Legg inn link til Tove  som deler mønster med oss på nettet. Om fleire vil tipse om mønster, kan ein gjere det i kommentarfeltet på Facebooksida vår.

Tove Fevang har lagt ut mønster til denne! Link HER!


Fann dette bildet på Solfrids Quiltestove:



Torunns løper, tusenvis av biter!!

Teknikk: Den aller minste twister-linjalen, utgangspunkt kvadrat på 2,5 inch

Ha ein fin 17. mai alle syglade!!'




Ingen kommentarer: