Tysdag 4.3 er det tid for nytt møte! Vanleg tid denne gongen, 18.30-21.30.
Denne gongen skal vi førebu oss og ta siste felles gjennomgang av Jubileumstreffet som vi arrangerer på Stårheim søndag 30.3.
Vi legg opp til to ulike aktivitetar denne kvelden.
- Det er laga eit stitcherymotiv til Jubileumet vårt og det vert delt ut på møtet. Motivet egnar seg som vanleg stitchery eller i kombinasjon med applikasjon for hand. Så om du vil setje i gang med ein gong, så ta med deg lyst stoff, utstyr til å overføre motivet, moulinegarn og evt stoff og applikasjonsvliselin.
- Tidlegare har Rigmor vist ein lettsydd modell til å ha under varme skåler. Ho har med modell og mønster, så om du vil sy ein slik, så ta med litt stoff (30 cm?) og vatt. Ha gjerne med eiga symaskin, men vi tek med eit par til låns også.
Rigmor sin modell.
Elles vert det:
- Info frå siste styremøte
- Årsmøtet og kurshelg
- Gjennomgang av Jubileumstreffet
- Lotteri
- Vis og fortel
- Kaffipause
- Primula Design med litt butikkvarer
Vel møtt til gamle og nye medlemmer
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar