Bilda frå marsmøtet, litt seint, men like kjekt med bilder å sjå tilbake på.
Dette var møtet rett før vi hadde Jubileumstreffet vårt, og vi hadde visning av det flotte lotteriteppet vårt som alle har sydd på dugnad.
Liggjande eller ståande.... dette var ein kursmodell til årsmøtet i 2024. Her er det flott å bruke mange restar og med svart og kvitt som basisfarge!
Her er det brukt handsaum for å lage mønster, Sashiko heiter teknikken.
Her har medlem Elna samla småprosjekt som medlem Siv har laga til for oss på julemøta i fleire år. Fantastisk!
På møtet viste Rigmor oss korleis ein syr praktiske "skålholdarar"!
HER er link til mønster!
Takk til matvertane for god servering til pausen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar