Tysdag 1.12 kl 18.30-21.30 ynskjer vi alle medlemmane velkomne til julemøtet.
Julemøtet er alltid ei koselig stund der vi har langbord, ein komite lagar til god mat og til og med nissen syter for gåve til oss. Og som alltid før, så er gåva ikkje ferdiglaga, den må vi fikse sjølv. Men kvart einaste år er vi like spente, og vi får som regel gåva ferdig før vi går heim! Ta med deg saks og kanskje blyant og papir, nål og tråd brukar nissen å sende med.
Komiteen har eit ynskje til medlemmane når det gjeld pynting; Fint om du kan ta med ei brikke/kuvertbrikke som vi kan pynte langbordet med! Det treng ikkje være julemotiv på den!
Elles så vert det vanlege møtesaker:
- Info frå styret
- Påmelding til kurset i Januar
- Vis og fortel
- Lotteri
- ....og kanskje kaffi/matpause først?
Velkommen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar