onsdag 25. februar 2009

Årsmøtekurs

Årsmøtet er no like rundt hjørnet, og det same er det årvisse "Årsmøtekurset"
I år er det Patricia Iden som er kursholdar, dette kurset heiter "Sybok".

Bilda under er frå utstillinga vår på Regionstreffet på Stårheim, då hadde ho med denne boka som fasinerte mange av oss. Boka er proppa med lure løysingar og flotte syteknikkar, og som ferdig er den å rekne som syerskens verktøykasse!!




Kurset er desverre fulltegna, så dei som no har lyst til å gå på kurs med Patricia, må nok vente til ein annan gong! Vi får heller glede oss til neste møte med vis og fortell og håpe at alle kursdeltakarane stiller opp med sine fiks ferdige Sybøker!!!

Dette kurset er på 12 timar og er fordelt over 3 dagar slik:

Fredag 6.3: kl 18-21
Laurdag 7.3: etter årsmøtet!
Søndag 8.3: Oppstart kl 9 eller 10? Dette avtalar kursdeltakarane med Patricia.

søndag 22. februar 2009

Regionstreff i Førde

Det går mot vår, og no er det berre å gle seg til det årlige Regionstreffet for Sogn og Fjordane. I år er det



som er arrangør, og det er sendt ut invitasjon til treff


søndag 19. april!

Stad: Førde barneskule, registrering frå kl 10.00.
Påmelding innan 16.3, og det kostar kr 150.


På heimesida til Luster quiltelag ligg link til invitasjonen, du finn del 1 her og del 2 her. Dette er eit pdf dokument, og du kan skrive det ut på eigen skrivar.

På programmet står ma. "Inspirasjonsforedrag med Helle C. E. Løvenskiold" ,
utstilling og sikkert mange butikkar med fristande varer.

Vi kjem til å ta opp info/påmelding mm. på neste møte.

lørdag 7. februar 2009

Gloppen er på nett!

Sender gratulasjonar til våre naboar i aust, quiltelaget i Gloppen som kallar seg GLOPPEN LAPPE- OG QUILTEKLUBB. (Men adressa deira er "Gloppetausene", altså ingen karar med der heller!!)

Foto: GLP
No har dei fått seg blogg, og har lagt ut ein del bilder. Det skal bli kjekt å sjå kva dei styrer med, og kanskje kan dei inspirere oss litt også!

onsdag 4. februar 2009

tirsdag 3. februar 2009

Biblioteket er på nett!

Siste nytt!
Er i gang med å legge ut biblioteket vårt på ein eigen blogg, NLQ bibliotek.
Her vil det med tida komme bilder av alle bøkene våre og mønstera som vi har.

Dei bøkene som er utlånte må ein snarvisitt innom fotografen før dei kjem på bloggen.....

søndag 1. februar 2009

Klubbmøte!

Minner om at tysdag 3.feb er det møte igjen! Denne gongen er det Hilde S. Os som vil vise oss korleis ein lagar ei festlig blomsternålepute. Denne gongen må du ha med symaskin!!

Så vidt eg veit vert det ikkje materialpakke å få kjøpt, men minst ein av butikkane våre er der nok med sine fristande varer! Men kikk i avisa og sjå kva du skal ta med.


Besøk også bloggen til Hilde, der har eg lånt dette bildet i dag, og ho skriv litt om stoff.