lørdag 16. oktober 2010

Onsdagskurs!

( Bildet er lånt frå bloggen til Gloppen)

Håpar no at alle har fått med seg at klubben arrangerer det vi kallar "Onsdagskurs". Dette er synonymt med at det er eit lite kurs på kveldstid, midt i veka! Du rekk nok ikkje å få ting ferdig, men du kjem godt i gang, får lært mykje så det er likevel eit kvalitetskurs.

Kurset vert 10. november kl 18-22 og er v/Elin T Grov.
Vi vert mest truleg på Stokkenes gjestegard, men viss vi vert veldig mange på kurset, så finn vi ein annan plass!

Temaet er "Buggy Barn", der vi lærer stjerneblokka.


Elin har hatt dette som tema i Gloppen lappe- og quilteklubb, så kikk innom her og her og sjå kva dei har fått til.

Har du ikkje meldt deg på enno, må du skunde deg no! .....og det beste: Det er plass til alle!

fredag 15. oktober 2010

Styremøte

Neste styremøte i klubben vert torsdag 28.10 kl.20.00.

Dersom medlemmane har saker vi bør ta opp, må dei meldast til leiar snarast!

lørdag 9. oktober 2010

Er du "Utstillar"??

Dei som har vore på klubbmøta i haust, har blitt oppfordra til å delta i ei "monterutstilling" på biblioteket i Operahuset/Eid vidaregåande skule. Temaet for utstillinga er "Jul/nyttår", men der er også rom for at ein kan stille ut "tidlause" ting som passar der. Vi skal stille ut i glasmonter, så det bør difor vere ting som egnar seg til det. Ved alle våre "Vis og fortell" ser vi at vi kan ALT! Det strekkjer seg heilt frå kunst til gode bruksting, så no håpar vi at vi kan få vist fram kor allsidige og dyktige vi er!! Tinga blir plassert ut etter 17. oktober, så då er fristen for innlevering den 17. Ta kontakt med Elin i styret om du har noko!!
Bilda i dette innlegget er frå julemøtet i 2009! Flotte arbeid!!

søndag 3. oktober 2010

Oktobermøtet nærmar seg!


Berre timar att til neste møte! Og de kan nok sjå fram til eit lærerikt møte. Denne hausten har vi valt HJERTER som tema, hjerter i ulike former og kvalitetar. På forige møte viste Torunn korleis ein brukar Krympeplast, og korleis ein får fram ulike effekter ved å sy på ulike måtar.

Dette seier Torunn om møtet no 5.10:

"Dersom medlemene har sydd saman krympestoffet med det stoffet dei vil ha som synleg overflate, så kan eg vise tre ulike hjerter vi kan lage av dei. På oppskriftsboka er hjertet omramma av to stk ”reverse” – omvendt applikasjon. Det kan eg og vise. Så kan vi vrangsy hjerter, også har vi den hjertelappen til AnnaKa eg har sydd framgangsmåten til. Så har eg og tenkt å vise litt om Angelina, stryke/smelte litt . "

Så dei som har jobba heime med krympestoff må huske å ta med:

”Samanquilta” krympestoff og overflatestoff
Stoff som passar til (Baksida av vrangsydd hjerte, omramming til omvendt applikasjon )
Dei som har sydd noko fint tidlegare med krympestoff og Angelina må gjerne ta det med på møtet!!!!!!

Her kjem òg eit lite tips til dei som ikkje har fått førebu seg til temaet om krympestoff :
Ta med deg det du treng til å sy stichery/applikasjon av oktoberkalendaren, då kjem du i gang med blokka før du hadde tenkt! Husk også tynn vatt, tynn tusj og syramme, og så er det berre å kose seg! Torunn kjem med mønsteret om du ikkje har lasta det ned sjølv!

........OG SÅ KOPPEN DIN TIL KAFFIEN!!!

Oktober er i gang!!

Oktober månad er i gang, og de treng vel meir syarbeid?? Mønsteret finn de i Kalenderbloggen. Er usikker på om det blir delt ut på klubbmøtet 5.10 fordi undertegna ikkje vert på dette møtet. Men kanskje nokon andre får ordna kopiering, viss ikkje blir det på neste møte.

søndag 19. september 2010

Vellukka basarveke!!

Bilde frå Mega 18.9

Vi kan vere godt fornøgde med basaren vi hadde på Mega denne veka. Vi fekk mykje skryt av dei flotte gevinstane vi hadde, så dei som har laga desse flotte tinga, har gjort ein kjempejobb. Like flott jobb har loddseljarane gjort òg, for det vart selt mykje lodd.
Laurdag klokka 16 var det trekning, her er lista med dei heldige vinnarane:


VINNERE – BASARUKE 37 PÅ MEGA
NORDFJORD LAPPE- OG QULITEKLUBB


Brødkurv med quiltet brikke – Else Hanebrekke, Stårheim
Slumreteppe – Henny Vedvik Barmen, Deknepollen
Oppbevarings poser – Turid Reksnes, Eid
Løper – Laila Utnes Piel, Stårheim
Toalettpose m/ Innhold – Magne Hjelle, Eid
Løper – Ingrid K. Øyra, Eid
Løper – Kristin og Egil Haugland, Eid
Løper – Anne Marie Holsvik, Hopland
Strandbag m/ Sminkepung – Margrete Knutsen, Måløy
Tovede Tøfler – Sverre Heggen, Eid
Vevet Veske – Turid Åshamar, Eid
Veske – Eli Kriken, Hornindal
Pompadur – Britt Mari Botn, Stårheim
Løper – Irene Vedvik, Eid
Posemus – Marie og Kristian Espelund, Heggjabygda
Strikkepinne etui – Bente M. Åshamar Sætre, Eid
Veske – Turid og Arne Reksnes, Eid
Løper – Malene Haukedal, Eid
Løper – Sander Smørdal, Eid
Veggbilde – Turid Åshamar, Eid
Brødpose m/ bakehåndkle – Geir Book, Eid
Lite Veggteppe – Margunn Ervik, Kjølsdalen
Grytekluter – Anbjørg Mikalsen, Eid
Dongeriveske – Marit Starheim, Stårheim
Brikke – Solrun Kyrkjeeide, Eid
Løper med stitchery – Linda Marin Honningsvåg, Eid

Takk til alle som støtta oss 
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb v/ Aslaug Berget Alsaker, lotteriansvarlig.
Trekning Lørdag 18. September 2010 kl. 16


Aslaug Berget Alsaker Laila Utnes Piel

torsdag 9. september 2010

Snart basarveke!



(Bildet er henta frå denne nettsida.)


I veke 37 har klubben basar med "stand" på Mega.

Mange av medlemmane har sydd flotte gevinstar, så det vert enno ein gong kjekt å arrangere basar når vi kan friste med så mykje fint. Det er sikkert fleire som har gevinstar å kome med, så ta kontakt med Aslaug snarast så ho får registrert gevinsten.

Frå nokre medlemmar i Svelgen kjem det ein flott gevinst, men dei er såååå hemmelighetsfulle! Les her kva dei fortel:

Aslaug lurte på om lappeklubben ein gevinst kunne få,
Hilde, Aud, Margunn og Elisabeth visste råd,
Dei fann fram stoff, nål og tråd.
Sommar i Svelgen har vore våt og rå,
vi måtte ha noko kjekt og gjere på,
for å få tida til og gå,
så gevinst skal nok lappeklubben få,
men de får vente til septembermøtet med å sjå.
De skal få eit lite hint,
det vart veldig fint, lurer du fortsatt?
Joda, vi har brukt vatt!
Gevinsten er stor og mjuk.
Deilig å pakke rundt seg når ein er sjuk.
Så får vi håpe den fell i smak,
ellers veit vi inga anna råd,
enn å gi vinnaren eit spark bak.


tirsdag 7. september 2010

Sesongstart!

Vi ynskjer gamle og nye medlemmer velkomne til oppstart på haustsesongen! Det er Quiltekafe i dag, så ta med deg noko til "Vis og fortell", noko lite å sy på kanskje og gle deg til å møte att andre med same interesse.

På møtet i dag vil du få info om haustsesongen, kurs og ulike aktivitetar som vi har planlagt. Og som vanleg kjem nok butikkane våre med fristande nye varer!
Velkommen!

Kalenderbloggen


No er mønsteret for September på plass i KALENDERBLOGGEN!

onsdag 25. august 2010

George Siciliano

Midt i august hadde 30 av medlemmane i klubben vår ei superhelg. Ordet fantastisk dekkjer opplevinga vi hadde. Ein flysendt mannleg amerikaner var kursholder, og vi fekk oppleve ein kunstnar på nært hold. George Siciliano var eit ukjent namn for oss, men vi fekk vite at vi var heldige som fekk tak i han, for heime i USA er han ein populær kursholdar som har vunne mange prisar for kunsten sin.

For det første var vi imponerte over at ein mann kunne lage så flotte arbeid og for det andre så var det kontrasten mellom størrelsane. Mannen var ein velvaksen kar med store hender som jobba med så små lappar at dei kunne blåse bort i den minste vind. Dette var ikkje mini-arbeid sa han, men Mini-mikro!! Studer bilda, så ser du! Den minste lappen har berre nokre få TRÅDAR!!

Og typisk mannfolk, dei er effektive og likar å finne raske løysingar. Mønster lagar han i dataprogrammet Quilt-Pro, og i mangel på rette redskapen, så fann han like gjerne opp sin eigen lure linjal til å kutte stoff som vert sydd på papirmalen.
Her finn du andre bloggar med omtale av kurset: Haldis, Tiril Sol, Strikkemor(o), Mallemor