søndag 10. juni 2012

Sommarfest!


Så er sommaren begynt,..... med ein herleg sommarfest! Med mange gjester, nærare 40 vart vi!! I år vart det ikkje ordinær sommaravslutning på klubbdagen vår i juni, denne dagen hadde vi blåtur. Vi har hatt tradisjon for å lage utstilling til oss sjølve på siste møtedagen i juni, og det var litt rart å ikkje arrangere det. Men kva skjer??
Denne helga kom 23 ivrige quiltedamer frå Molde på besøk til Nordfjordeid. Etter ein lang dag med shopping på dei to quiltebutikkane våre, Primula Design og Lappestua, så tok dei turen til treff med oss i Gjerdane barnehage.















Vi hadde invitert dei på ettermiddagskaffi med "Vis og fortel", og dagen kunne ikkje ha vore meir perfekt. Etter klar himmel og sol først på dagen, skya det litt over ut på ettermiddagen, både lys og varme vart akkurat passeleg! Quiltearbeida våre svaia i svak bris rundt om på gjerder, i tre, på tak og småting låg på benkar, og tok imot gjestane våre med alle dei flotte fargane. 






Og med eit langbord med herlig kaffimat, så kunne ikkje dagen blitt bedre. Var det nokon som sakna sommaravslutninga vi skulle ha hatt???? Nei dette var mykje betre, for dette var SOMMARÅPNING!!!
Denne kaka heiter Evas pausekake, ein skikkelig godbit, og vi brukar å få oppskrifter med dei som lagar kaker.

Gjestane våre hadde òg med seg mykje til "Vis og fortel", bilder av det kjem i del 2. Det kjem òg litt meir bilder av vår utstilling.












Til slutt må Haldis og Elna ha stor takk for at dei tok initiativ til å lage til  dette arrangementet akkurat her, dei jobbar begge i Gjerdane barnehage og hadde lagt svært godt til rette for at dette skulle bli bra. Og det vart det!!
GOD SOMMAR til alle medlemmane våre og til gjestane frå Molde!

lørdag 9. juni 2012

Blåtur til Selje!




Årets blåtur gjekk til Doktorgarden i Selje. Dette er ein gammal villa frå tidleg på 1900-talet som no er ombygd til galleri, kafe og overnattingsplass. Der er også eit flott utsal av ulike kunstprodukt, bøker frå Selja forlag, og i kjellaren er det akkurat no separatutsilling av kunstnaren Finn Egil Eide frå Nordfjordeid.Vel verdt eit besøk for dei som er i området.




Overraskinga til oss var i galleriet i kjellaren! Her stod Ati frå Selje med ei stor separatutstilling som var laga til berre for oss!! Ati kjem opprinneleg frå Nederland, og byrja med tradisjonell quilting der. No har ho utvikla sin eigen stil der ho mellom anna brukar mykje Crazy quilt med broderi på, med knappar, blonder, band mm.



Sjå på dette flotte arbeidet! Her er det brodersting i alle fasongar, ho fortel at ho diktar opp kombinasjonar av sting. Utruleg arbeid!!! Dette teppet er sydd i ullstoff, og blir nok eit varmt og godt teppe til å ha over seg. Tepper skal vere brukstepper, seier Ati!!

Vil du sjå meir av det Ati lagar, så kan du besøke bloggen hennar HER.



Dette er ein Japaninspirert quilt!

Vi hadde ein flott kveld i Selje, og som vanleg hadde vi spesielt god mat!! Ei fantastisk rykande varm og tjukk fiskesuppe fall i smak hos alle. Og jammen måtte dei ha kokt i store panner, for vi var over 30 stk som møtte opp, ny rekord i frammøte på ein blåtur!
Sviskekake og kaffi til slutt gjorde at kvelden var perfekt!!

Du finn også omtale av blåturen på bloggen til Strikkemor(o) og Tiril Sol

Det kjem litt fleire bilder  i eit seinare innlegg.

onsdag 6. juni 2012

Quiltebesøk!!

Denne veka går det slag i slag med kjekke opplevingar. Etter ein flott blåtur til Selje i går 5.6 (reportasje kjem seinare), så er vi no klare for å ta imot besøk frå Molde. Over 20 quiltedamer tek turen til Nordfjordeid denne helga, der dei har planlagt allsidig aktivitet. Les om det HER.
Men dei har òg ynskje om å treffe medlemmane i klubben vår, noko vi synest er veldig kjekt, så vi har laga til eit lite arrangement laurdag ettermiddag.

  • Vi møtest i Gjerdane barnehage på Nordfjordeid kl 16-18 til "ettermiddagskaffi".
  • Vi har "Vis og fortel" for kvarandre.
Vi håper at så mange medlemmer som mulig kan ta seg tid til å møte opp då, og husk å ta med deg noko å vise fram. Det treng ikkje vere noko nytt som du har sydd, for desse gjestane våre har nok ikkje sett noko av det vi har laga dei siste åra!!
Det er òg fint om du kan ta med deg ei kanne med kaffi og møte opp i god tid så vi hjelper til med å lage alt klart.

Velkomne!

søndag 3. juni 2012

Blåtur!

 Årets BLÅTUR er like om hjørnet, og vi satsar på alt alt det grå vert forvandla til BLÅTT tysdag 5. juni!!










Blåturkomiteen har kome med litt info, men som vanleg er det lite dei røper til oss.


Her er det vi får vite:








Så mykje som 36 lappedamer er påmelde til blåturen tysdag kveld!
Eigendel kr 100 tas med og betalast til Laila Brekke i kontantar.  Kan vere
lurt å ta med litt ekstra dersom det dukkar opp noko fint på turen som kan
vere kjekt å ha?
Dei som ikkje treng å møte opp på Nordfjordeid "bak" Libris kl 17 får
beskjed om det av blåturkomiteen. Vi har såpass respekt for andre si tid at
det må gå sjølv om det er blåtur.
Ryggsekk og fjellsko er ikkje nødvendig, vi er heller ikkje så avhengig av
veret. Reknar med at alle fjellovergangar er opne i juni.....

Det vil vere mogeleg å styre tidspunkt for heimreisa sjølv pr bil, men vi
vil tru at junikvelden går med!

Velkomne!



 Dette bildet er lånt frå DENNE bloggen


mandag 14. mai 2012

Ei god quiltekake!!

På siste klubbmøte vart det servert ei sjokoladekake som fall godt i smak hos mange, ja så godt at det vart spurt etter oppskrifta.
Og bloggred. har for vane å fange opp slike signal og etterlyse oppskrifta med bakaren! Den heiter Firkløverkake og her kjem oppskrifta,....frå Britt H.

FIRKLØVERKAKE

5 egg
200 gr sukker
1/2 pl kokesjokolade
2ss sukker
135 gr smør
135 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver

Pisk eggedosis.Smelt smør, sjokolade og kaffi på svak varme.
Bland det i eggedosisen og sikt i kveitemjøl og bakepulver.
Ha røra i ei lita langpanne, og steik den nederst i ovnen på
175 grader i ca 30 min.

Glasur:

1 kopp sukker
1 kopp fløyte                       (1 kopp = ca 1 1/2 dl)
1/2 kopp smelta smør
100 gr firkløver sjokolade

Til glasuren blandes sukker, fløyte, smør og sjokolade i en kjele.
La det koke i 15-20 min. Avkjøles litt, og smøres utover kaka.  

søndag 13. mai 2012

Natronkake-steiking!!


Natronkaker,...det er godt det!
Dette bildet er frå vår eigen blogg, og no får du sjansen til både å lære å lage dei og å gjere dugnad for klubben.

Tysdag 7. august vert det dugnad med steiking av Natronkaker til Låvemessa som vi skal arrangere første helga i september. Laila U. Piel vil vere sjefskokk, og ho lærer frå seg lure triks til alle som møter opp. Tid (klokkeslett) og stad må vi komme tilbake til, men Aslaug vil gjerne vite kor mange som kan vere med innan 1. august. Send henne melding eller ring  til nr 97533623.

Og vil du legge deg litt i trening før den tid, så har vi oppskrifta på bloggen vår HER!

Strikkepinneetui



Det er Mai, men det kjennest meir ut som sur Oktober. Det er ikkje ver til å gjere noko særleg hagearbeid, men det veks sakte men sikkert igjen i blomsterbeda.

Då må vi ha noko "trøstearbeid", kan vel ikkje akkurat foreslå at no byrjar vi på julegåvene, men eit etui til strikkepinnane er vel noko som mange treng, og er kjekt å gje bort,......eller å sy til Låvemessa??

På sida til Pickles ligg det ute eit gratis mønster til dette etuiet, ta eit besøk og sett i gang med å sy! Og så kjem vel sola snart.......



søndag 6. mai 2012

Quiltekafè!

 Då er det tid for å treffast att!
Tysdag 8. mai er det Quiltekafe på Stokkenes Gjestegard.
Ta med deg koppen din, eit stort eller lite syarbeid å jobbe med, noko til "Vis og fortel" og kom for å ha ei avslappande stund i lag med likesinna!!

Det vert demonstrasjon av bruk av ein av dei nye linjalane v/Primula Design, dette bør du få med deg for dette er ein smart linjal!
Elles er det mykje informasjon til medlemmane denne gongen, nemner ma. besøk frå Molde og blåtur.
Og,..... sjå på koppen, den har Baltimore-mønster! Vi ynskjer at dei som har sydd slike Baltimore-motiv tek med seg dette til møtet, vi treng å sjå flest moglege,.....for vi har ei plan...........  :)

OBS! OBS! Husk å ta med påmeldinga til Låvemessa, den blir sendt til dykk på eposten, så sjekk og skriv ut og ta med deg på møtet!

Velkomne til møtet!

torsdag 26. april 2012

Eit lite Mini-tips!

På bloggen til   RandiT  dukka denne vesle oppbevaringsposen opp. Ein universalholder til småting som td. øyrepropper, lypsyl, kodebrikke til nettbank, minnepinne, penger, osv. Iallefall lett å finne igjen i veska om ein har ein plass å feste karabinkroken som er festa på.
Bildet er lånt frå bloggen til RandiT

Mønsteret til dette fann ho på DENNE bloggen.

søndag 8. april 2012

Endå eit utruleg flott sengeteppe!

Det er ikkje lenge sidan her var eit innlegg om eit utruleg flott sengeteppe, sjå innlegget HER. Difor overraska det oss at det skulle komme endå eit fantastisk teppe rett etterpå! Denne gongen er det Torunn som har sydd dette mesterverket, og det kan trygt kallast eit mesterverk! Her er kombinasjonar av mykje; her er blokker frå kurs, blokker med sirleg utplukka blomsterbilder , godt miksa med motivstoff og til slutt ei flott quilting av teppet.
Ein flott quilta kant rundt, her er det brukt ein ferdig sjablong og tegna på før sying. Den er kjøpt på Lappestua v/Siv på Nordfjordeid.

Teppet er i sarte og søte fargar, og då passar det godt med motivblokker med muffins innimellom!! Dei kvite blokkene med ruter er frå kurset "Restetepper" med Nancy Eriksen.
Det er dattera til Torunn som skal få teppet, ho er blomsterdekoratør, og då er blomstermotiva nøye utplukka. Bilda er funne på internett, deretter overført til stoff.
Teppet er også vendbart med den enkle og ryddige baksida.

Blokkene vart quilta ferdig kvar for seg først, deretter sydd saman med stoffremser. Her er det brukt ein teknikk vi lærte på kurset "Dobbelsidig weekend" med Hilde Neset.