Laurdag hadde vi årsmøte med heile 32 frammøtte! Dette gleda oss mykje, for det er kjekt når medlemmane viser interesse for drifta av klubben.
Årsmøtet gjekk glatt, med lite diskusjonar, og vi vel å tolke det til at vi lukkast med å drive med mest mogleg informasjon og medverknad frå medlemmane året rundt.
Valnemda har heller ikkje hatt problem med arbeidet sitt, for halve styret tok gjenvalg. Men det er også kjekt å merke seg at det er vilje blant medlemmane til å ta verv.
Det nye styret ser slik ut:
Leiar : Anne Marie Holsvik
Kasserer: Rigmor Kvalheim
Sekretær: Laila Utnes Piel
Nestleiar/blogg/bibliotek: Mariann Hatlenes
Infoansvarleg: Torun Føllesdal Utnes
Materialforvaltar: Laila Strand Brekke
Kursansvarleg: Ingun Vaksdal
Kursmedhjelpar: Grete Midthjell
Revisor: Ingebjørg Utnes
Ingrid Myklebust
Valnemd: Kari Tellevik
Hilde Strøm Os
Ragnhild Sande
Vi takkar Berit Jakobsen for jobben ho har gjort som materialforvaltar. Ho gjekk ut av styret. Takk også til Laila Strand Brekke som har gjort ein god jobb som kasserar, og no tek til i eit anna verv.
Aud Torheim og Wenche Svoren gjekk ut av valnemda. Takk for arbeidet dei har gjort.
søndag 9. mars 2014
lørdag 8. mars 2014
Årsmøtehelg!
Då ynskjer vi alle medlemmane våre velkommen til ei kjekk årsmøtehelg.
Vi startar i dag med årsmøte kl 10.00 på Stokkenes Gjestegard og avsluttar med ein god lunsj! Minner alle om å skrive ut sakspapira og ta dei med, for det vert ikkje delt ut nye på årsmøtet.
Etter årsmøtelunsjen , ca kl 13, startar kurset som er "Dongeryvesker" med Liv Ingunn Holvik. Kurset går over to dagar. Ein må vel seie at dette vart eit ekstremt populært kurs, for over halve klubben melde seg på, og vi måtte då dele opp i to kurs. Så neste kurs vert 22. og 23. mars, med det vi veit no er der berre 2-3 ledige plassar, men då høve til å melde seg på enno!

torsdag 6. mars 2014
Finale!
I dag er det finale i denne lange stjernegallaen! Siste stjerne i serien til "OH MY STARS"er no lagt ut her, og namnet passar no egentleg utruleg bra når det skal være avslutning med smell i!!
Den heiter "Exploding star" og her treng vi ikkje Google translate for å skjøne ordet, ei skikkeleg "Exploderande stjerne" har vi her!!
HER kjem du til mønsteret.
Då takkar vi alongen for at det vert lagt ut slike kjekke mønster, og om nokon har andre forslag til alongar/mønsterseriar som kan leggjast ut her, så gje beskjed!

onsdag 5. mars 2014
"Skimrande stjerne"
Dette er "Shimmering star" eller på norsk; ei "skimrande stjerne".
HER er link til mønsteret, og du må nok hit for å sjå dette mønsteret tydeleg. Synest at quiltaren bak denne stjernequilten ikkje har valt dei beste stoffa her........., ser meir ut som ei "lapskausstjerne"!!!
HER kjem du til hovedsida for "Oh my stars" alongen.

tirsdag 4. mars 2014
Kursa på Vestlandstreffet i Florø!
No er kursa på Vestlandstreffet 2014 i Florø lagt ut på bloggen deira. Der er i alt 11 kurs med mange kjende kursholdarar.
HER kjem du rett til kurslista!
No oppfordrar vi medlemmane våre til å vise interesse for kursa og melde seg på, for neste gong er det vi som skal arrangere, og det er kjekt å kunne sjå at interessa for quilting framleis er på eit høgt nivå!
Besøk også bloggen deira, HER finn du all info du treng om treffet no til hausten!
Dette hjertet er i mosaikkteknikk som du får lære meir om på kurset med Frøydis Myhre.
HER kjem du rett til kurslista!
No oppfordrar vi medlemmane våre til å vise interesse for kursa og melde seg på, for neste gong er det vi som skal arrangere, og det er kjekt å kunne sjå at interessa for quilting framleis er på eit høgt nivå!
Besøk også bloggen deira, HER finn du all info du treng om treffet no til hausten!
"Plaid star"
Dagens stjerne heiter "Plaid star" og ifølge Google Translate så heiter den på norsk "Pledd stjerne". (???) Eit underleg namn,...... men når ein ser på samansetjinga, så liknar det kanskje på eit lite pledd i lappeteknikk med ein kant rundt!! Om nokon har eit betre namn på denne, så må de gje beskjed!!
HER kjem du til mønsteret til denne stjerna!

mandag 3. mars 2014
Velkommen til møte 4. mars!
Det er tid for møte igjen, og tysdag 4. mars møtes vi att på Stokkenes Gjestegard.
Dei som har lese "julemailen" frå Torunn, huskar nok at vi på dette møtet skal ha påske som aktivitetstema. Det skal vi gjere noko med, så her kjem litt info:
Vi skal lage "Crazy EGG i mosaikkteknikk". Dette er ein enkel teknikk som passar godt til å pusle med på eit slikt møte. På lista under her står det at du må ha med symaskin, dette for å kunne quilte litt til slutt for å få eit fast produkt. Elles er det ikkje sying med maskin på denne modellen.
Modellen kan brukast til oppheng i vindu, som applikasjon eller som eit bilde.
Her er lista:
Både Lappestua og Primula Design kjem på møtet med fristande varer, dei vil også ha med Vlisofix og stoff i vårlege fargar.
Tips: Denne modellen vi skal lage passar i alle slags fargar, du kan like gjerne lage den i kvite eller brunfargar, som lette vårlege pastellar. Valget er ditt og det skal bli kjekt å sjå mange variasjonar!!
Minner igjen om at de må ta med quiltar som skal vere med på utstillinga på Regionstreffet 6. april!!
Dei som har lese "julemailen" frå Torunn, huskar nok at vi på dette møtet skal ha påske som aktivitetstema. Det skal vi gjere noko med, så her kjem litt info:
NB! Bildet over viser ikkje modellen vi skal lage!! Det er lånt frå denne sida!
Modellen kan brukast til oppheng i vindu, som applikasjon eller som eit bilde.
Her er lista:
- · Applikasjonsvliselin (Vlisofix), ca 10 x 20 cm til ei side på eitt egg.
- · Stoffbitar i den fargeskalaen du ynskjer, 5-10 fargetonar som bryt litt med kvarandre!
- · Eit stoffstykke som er litt større enn malen til egget., ca 15 x 15 cm.
- · Eit bakgrunnsstoff om du skal montere det som bilde, td 25 x 35 cm til ei ramme på 20 x 30. Ha gjerne eit ekstra støttestoff bak dette om du skal applikere egget på.
- · Ei god saks, strykejern, sytråd som matchar stoffet og gjerne gull- eller sølvtråd. Perler til å sy på om du vil ha det.
- · Symaskin med vanleg fot og stoppefot.
Tips: Denne modellen vi skal lage passar i alle slags fargar, du kan like gjerne lage den i kvite eller brunfargar, som lette vårlege pastellar. Valget er ditt og det skal bli kjekt å sjå mange variasjonar!!
Minner igjen om at de må ta med quiltar som skal vere med på utstillinga på Regionstreffet 6. april!!
Velkommen til eit kjekt vårmøte!!
"Sjakkbrett"!!
Dette er "Sjakkbrettstjerna", eller som den offisielt heiter, "Checkerboard star".
Sjakkrutene er bra tydelege her, men i svart/kvitt hadde vi sett det endå betre!
HER er link til mønsteret!
Denne stjerna dukka opp ved søk på Google, eigaren har bloggen Pirate-sr og har sydd fleire av desse stjernene , HER kjem du til fleire av stjernene ho har sydd i julestoff.

søndag 2. mars 2014
"Strålande stjerne"
Dette er "Radiant star" som på norsk betyr "Strålande stjerne".
Det viser seg at når vi quiltarar brukar engelske mønster, så treng vi å oversetje enkelte ord. På denne måten skjer det ei medlæring samstundes med at vi kosar oss med hobbyen vår, for vi utvidar ordforrådet vårt med stadig nye ord som vi ikkje brukar vanlegvis!
HER kjem du til mønsteret som hjøyrer til "Oh my stars" alongen.
Ynskjer alle som er innom ein STRÅLANDE søndag. Her på vestlandet er det litt sprekker i skylaget, så kanskje får vi også sjå ei strålande sol på fastelavenssøndagen?

Denne stjerna strålar ser vi godt, for den har dobbelt sett med spissar.
HER kjem du til mønsteret som hjøyrer til "Oh my stars" alongen.
Ynskjer alle som er innom ein STRÅLANDE søndag. Her på vestlandet er det litt sprekker i skylaget, så kanskje får vi også sjå ei strålande sol på fastelavenssøndagen?
lørdag 1. mars 2014
"Quattro stagioni star"!!
Ja kva er no "Quattro stagioni star"? Eit italiensklydande namn som iallefall underteikna har høyrt mange gongar, men utan å sjekke betydninga av. Mine første tankar var at dette tydde 4 stasjonar, quattro visste eg kva var, og stagione likna på stasjon!
Desse stjernene i alongen har ingen tilfeldige namn har vi erfart sålangt, så her vart det ei ny runde med ordlista. Google translate gav svaret: 4 seasons!! Eller på norsk; 4 årstider!
Sjølvsagt er det 4 årstider, og berre ved å sjå på fargevalet i stjerna, så ser vi at fargane er bevisst brukt her. Blå kald vinter, vårlege grønfargar, raude varme sommarfargar og eit gyllent skjær over haustfargane!
HER kjem du rett til mønsteret til denne stjerna!
Lykke til med djupdykk i stoffa dine på leiting etter årstidsfargar om du vil sy denne stjerna!

Abonner på:
Innlegg (Atom)