tirsdag 10. april 2018

Eit flott arrangement er vel i hamn!!





No er Regionstreffet vel i hamn, og vi i klubben vår vil takke alle som kom og gjorde denne dagen så flott som vi hadde håpa på!

Vi med dei "Lilla t-skjortene" var mange, så takk til medlemmane våre for ein flott dugnadsinnsats som heilt sikkert vart lagt merke til. Operahuset har gitt oss tilbakemelding om at dei såg at arrangementet vårt var godt planlagt og alt gjekk strålande, merka at vi var vant med å arrangere. Så stor takk til alle våre medlemmer for innsatsen!

Utstillinga vår vart flott med mange bidrag frå tilreisande også, så stor takk for alle som ville dele inspirasjon med oss! Det vart mange bilder etter kvart, så innlegget her vert langt, med nokre få kommentarer innimellom.







 




















 Bilder frå kurs med Nina Strandsplads både i vår klubb og i Ålesund. "Buede stjerner"



























 Her er våre "retro-arbeid" som viser at både fargar og quilting var annleis for 20-30 år sidan!








 



 Kaleidoskop-linjal er brukt her.
























 Mexikansk fletteteknikk!











 BUTIKKAR  SOM  HADDE  STAND:

"TRAPP NED"









"FANTASI"








"SØLVI QUILTESTUDIO"




Ei flott veske ho har hatt kurs i!!


"PRIMULA DESIGN"






 



"LAPPESTUA"





  Knappetippekonkurransen!







Ei gruppe i Sykkylven har sydd teppet "In my garden", alle med likt mønster men med sine eigne farger. 







































FLOTTE GEVINSTAR TIL LODDSAL PÅ BOK!



 HOVEDGEVINSTEN VÅR VAR "FUGLETEPPET" SOM VI HAR SYDD PÅ DUGNAD UTE VED STAD-HAVET!




Dette store fantastiske teppet fekk mykje merksemd! Det er sydd av Kirsten Lyslo på Sandane og er sydd for hand!  




 Eit fantastisk flott teppe, her er det mykje handsam!!

 Mange nydelige symmetriske detaljar både innan sekskanter og broderi.




















 Flott teknikk,...med baksida ut!!
Handsydd over pappmaler!!








































Det var dekka til 106 til middag!





 Ein god middag! Kylling i sursøt saus, salat, brød og ris til!


 Gode kaker i kafeen!




Takk for eit flott treff i lag med mange quiltarar og publikum som kom og viste interesse!

No håpar vi at det vert treff neste år ein plass.....


lørdag 7. april 2018

Regionstreff!!

Vi er no snart klare for Regionstreff i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid!! I dag startar vi med rigging for utstilling og frå i morgon tidleg av kjem quilt etter quilt på plass i utstillinga vår!


Det er alltid kjekt med slike treff der vi kan hente ny inspirasjon frå utstillinga, kjøpe nye stoff og mønster i butikkane og å treffe andre med same interesse.

I tillegg vert det ekstra kjekt å få høyre foredraget med Eldrid Røyset Førde om quilting i Russland!!

Treffet opnar kl 10 for påmelde og kl 14.30 opnar vi dørene for publikum. Vi har kafe med gode kaker, åresal og loddsalg på bok. Hovedgevinsten vår er teppet med fuglar som vi har sydd på dugnad ute ved Stad-havet!!
Velkomne til alle!!

torsdag 5. april 2018

Bilder frå aprilmøtet!

Aprilmøtet vårt vart eit skikkeleg arbeidsmøte der vi gjorde dei siste førebuingane til Regionstreffet som vi skal arrangere  komande helg.

Men vi fekk likevel tid nok til å vise kvarandre mange flotte arbeid, det meste vert nok å sjå på utstillinga vår  i Operahuset Nordfjord også!
















LOTTERITEPPET!!

Her er lotteriteppet vårt blitt klart til komande helg! Vi har sydd det på dugnad under ei helg heilt ute ved Stad-havet , og då var ulike fuglar eit flott tema å ha. Desse er sydde ut frå same mål, men med ulike syersker og ulike stoffbiter, så kom det etter kvart mange ulike fuglar fram!! Og etter kvart måtte vi utvikle modellen litt også, så der vart både småfugl og store vadefugler!!

Vi håpar alle å vinne dette, så her er det berre å ta lodd og vente på vinnarnummeret!!

 Twister-linjalen er alltid ein suksess, sjå kor vårlige løparar dette er!!





 Desse flotte teppa er sydd av medlemmar vi har frå Sykkylven. Der har dei ei gruppe som har sydd i lag etter same mønster; "In my garden".

Desse vert å sjå på utstillinga vår, truleg 8 like, men likevel ulike!!










 Fristande varer som alltid frå Sybutikken Primula Design.


Takk til matvertane for gode kaker til ein velfortent kaffipause!!

mandag 2. april 2018

Velkommen til aprilmøte!

Påska er over om få timar, og då er det rett på igjen med kvardag,.....men kjekke kvardagar!



Vi startar i morgon tysdag 3. april med møte på Stokkenes gjestegard til vanleg tid.

Møtet denne gongen vert slik:

  • Synnøve vil vise korleis ho brukar kantebandsapparat.
  • Møtet vert vidare eit arbeidsmøte der vi førebur Regionstreffet som er komande søndag 8. april!
  • Ta med deg det du skal ha med på utstillinga, vi skal feste namnelappar på våre eigne quiltar, utstillingskomiteen har laga lapper.
  • Ta med deg gevinster om du ikkje har levert før.
  • Dei ulike gruppene deler seg for å jobbe/ gå igjennom oppgåver på Reg.treffet.
  • Felles info/oppsummering på slutten.

Men som vanleg vert det :
  • Kaffipause
  • Vis og fortel
  • ....og mykje kjekk syprat. Ta med deg noko å sy på om vi får ei ledig stund!!  :)

Velkomne!