tirsdag 7. august 2018

Bilder frå Junimøtet!

Endeleig kjem bilda frå sommaravslutninga på junimøtet,.....den varme fine sommaren må ta skulda for andre prioriteringar enn av arbeid foran pcen!!


Junimøtet var også ein fin sommarkveld, varmt og tørt så halve kvelden sat vi ute på terrassen på Stokkenes gjestegard.  Nydelig grillmat vart servert og vi fekk ei flott avslutning av årets første sysesong!






Vi hadde også eit lite syprosjekt der ein fekk lære korleis lage egne papirmaler til Dresdenplate. Ved hjelp av ein sirkel på papir bretta ein det antal deler ein ville ha, og klipte ut. Alle delane til sammen blir 360 grader om ein brukar alle!





                                                 ...og mykje fint å sjå på vis og fortel!






















 Vi fekk også sjå heimefarga ullgarn, men plantefarging! Dette var flott å sjå, og sidan vi jobbar mykje med fargar, så er det flott å sjå desse fargane som er heilt "naturlege frå naturen"!!

 Litt godt til kaffepausen hadde vi sjølvsagt, takk til dyktige matvertar som gjorde denne sommerkvelden perfekt!







søndag 1. juli 2018

NLQ på "gatestand"!

Laurdag 30.6 var vi med på "Frivilligdag" i gågata på Nordfjordeid. Her kunne lag og organisasjonar ha stand og vise fram aktiviteten i laget.

Vår klubb fekk ei flott plassering midt i gata der vi laga til utstilling av små og store quiltar og varierte teknikker, men ikkje noko sal av produkt.

Vi var 2-3 på standen heile tida og vi fekk bra med besøk av interesserte. Nokre fekk gratis stitcherymønster til "Sommarbroderiet" vårt og dei fekk sjå at vi jobba med småting mens vi sat der; småhjerter, fuglar og stitchery!!


 


Takk til dei medlemmane som bidrog med quiltar til utstillinga vår, den fargerike utstillinga vart sett av alle dei forbipasserande i gata!






















Takk til Synnøve, Mona, Leikny, Berit og Anne Marit som hjelpte til med utstyr og delte på å stå på standen denne dagen i lag med underteikna!

God sommar frå Mariann!