søndag 3. november 2019

Bilder frå oktobermøtet!

Kveldens tips til nålepute kom frå Janne! Ho hadde fått med boka om nåleputene heim og viste oss korleis denne vart sydd.


Sidan vi skulle ha kurs med Nina Lise Moen i oktober, så hadde Haldis teke med mange arbeid som ho har laga etter mønster av Nina Lise, sjå mange varianter under her!

















 Anne Marie har over lang tid sydd eit minneteppe der ho har brukt gamle stoff, spesielle stoff, smykker og anna som betyr noko, eit heilt fantastisk teppe som andre burde prøve seg på!!!






Rand R overraskar stadig med nye former og fargar. Flotte tepper som ho lagar til familien. Her er same blokk med 16 ruter montert på to ulike måtar!! Utruleg flott!








 Aud S si fantastiske veske, her er det ingen tilfeldige blokker som er sett sammen! Nydelig!
















Kaffibordet var som vanleg fullt av godbitar, kanskje ekstra mykje denne gongen!!
 Ekte ferjesveler frå Sunnmøre!

 Her er oppskrifta:
5 egg, ca 3,5 dl sukker, ca 1 l hvetemel, 1 l kulturmelk. 1 toppa tsk natron, 1 toppa tsk hjortesalt, ca  75 g margarin .



 Husvert Berit pyntar alltid så fint i lokalet, med blomster, dukar og lys, lagar fin stemneing også utanfor døra. Tusen takk for den fine jobben ho gjer!





Bilder frå septembermøtet!

Denne hausten har vi nåleputer som tema, vi har kjøpt ei bok som vi skal bruke som inspirasjon.

På dette møtet oppmoda vi medlemmane til å ta med nåleputer, og det var mange fine å sjå.



På junimøtet fekk alle medlemmane eit mønster, ein blomst, som dei skulle bruke til å sy ei nålepute av, sjå kor mange flotte eksempel her!!








 Imponerande handsaum!!






























 Klubbkveldane våre har gode innslag som dette: fristande varer frå butikken til Primula Design og nydelig kaffimat som matvertane syter for. Tusen takk til desse som alltid gjer ein god jobb for oss medlemmar!







torsdag 31. oktober 2019

Velkommen til novembermøte!

Det er snart november og vi ynskjer velkommen til møte 5.11 kl 18.30 på Stokkenes gjestegard.

På dette møtet får vi besøk av Sølvi Mikkelsen  frå Sølvi quiltestudio. Ho skal levere nokre ferdigquilta tepper, og opplyser at om nokon vil ha quilta tepper, så kan ho ta imot dei på møtet!

Tema på møtet vert å sy ei lita nålepute i ein teknikk,..... det er Anne Marit Daviknes som har teke utfordringa til å vise teknikken. Så ta med litt stoff og sysaker, det er ikkje mykje som skal til her!

INFO  frå Anne Marit om den nåleputa ho vil vise! (vi veit ikkje kva for ei ho har valt ut!!)

Til den nåleputa treng ein 9 rektangel på 1 1/8×1 3/4 inch . i assortert valg fri farge. Samme mål i lyse stoff. 1 bit på 4 3/4"×4 3/4" til bakstykke. 2 biter med tynn vatt.  Anne Marit har  berre brukt 3 farger av kvar!

Vi har tidlegare nemnt at vi kan delta på julemarknaden som skal være på Stårheim 15.12. No veit vi at vi kan få være i lokale inne, så det er fint om dei som kan tenkje seg å delta med noko, seier frå enten på møtet eller sender melding til underteikna på tlf 95869301 snarast. Det er litt nær jul, men tenkjer at dette er ein fin plass til å vise litt av det vi gjer og vi kan dele ut litt info om klubben samstundes. Og er vi meir enn to som hittil har meldt seg til å være med, så kan det bli ein fin stand! Så om du ikkje har så mange ting, så blir det mykje når vi er fleire!

Det vert elles vanleg møteinnhold:

  • Lotteri
  • Litt butikkvarer frå Primula Design
  • Ein god kaffipause
  • Vis og Fortel, kanskje med quiltar frå siste kurs?
  • Og god prat over syarbeidet 

Velkommen