onsdag 8. januar 2020

Kjekke kurs i vente!

Vi har no to kjekke kurs i vente, og medlemmane våre er ivrige etter å være med. Så kjekt at vi får så god respons på kurs vi lagar til!!

Det første kurset er søndag 19.1 kl 10-15.30.
Kurset har vi kalla "Likesida trekantar" og her er fokuset på å kunne lage desse trekantane med dei linjalane vi har.
Kurset vert på Stokkenes gjestegard og det er inkludert ein lett lunsj/kaffimat.


Desse to bilda er av tepper som vart vist på møtet i går kveld. Dei er sydde av tidlegare medlem Ann Margret.

Dette er et utsnitt av ein løpar som stod i Quiltemagasinet, samansett av likesida trekantar!

Ingun Vaksdal er kursleiar og på møtet i går viste ho minst 5 ulike linjalar som kan lage den same trekanten. Du vil også få eit kompendie der linjalane er beskrive.

Dette blir eit svært nyttig kurs, og av dei frammøtte  så fekk vi heile 12 påmelde. Dette var mange, for i uveret i går, så var vi berre opp under 20 frammøtte!
Men vi har sjølvsagt plass til fleire, om du vil være med , så melder du deg på til Synnøve på tlf 98005242.

Helga 28.2-1.3 har vi årsmøte og kurset "Crazy curves" med Helle Løwenskiold. Dette kurset er fullt, men om du vil stå på venteliste, så kontaktar du Synnøve! Minner også om at det er bindande påmelding, frist var ute i går og Synnøve kontaktar i dag dei som har skrive seg på lista og som ikkje var på møtet i går.

Her er nokre døme på kva former du kan lage, henta frå internett:





Dette er døme på ein av linjalane du kan bruke.

søndag 5. januar 2020

Oppstart 2020!

Nytt år, nye muligheter, nye idear og nye møter i klubben vår!

Vi ynskjer velkommen til årets første møte i lokalet vårt på Stokkenes gjestegard tysdag 7.1 kl 18.30!

Årets første møte brukar vi å kalle quiltekafe, vi lagar til ein god start på året ved å lage til småbord der vi kosar oss med kjekt arbeid, god prat og mat!

Ta med deg eit lite syarbeid du held på med, og har du ikkje det akkurat no så kikk her:

Haldis fekk med seg "nåleputeboka" på forige møte, ho har sydd ein modell og vil lære oss dette:

  • Applikasjon for hand
  • Bruk av frysepapir
Så ta med deg litt stoff til bakgrunn og motiv, saks til papir og stoff og sysaker. Klubben har frysepapir å dele ut.
Haldis har fyllt denne med fuglesand, eit anna godt tips fekk vi frå Janne: samle på alt avskjær av stoff og stapp i!!

Så ein beskjed til dei som har vore med i gruppene som har sydd på blokker til kvarandre: Ta med deg dette på møtet!

Det vert info om linjalkurset vi skal ha med Ingun. Dette kurset vert eit dagskurs søndag 19.1 og temaet er "Trekantar" som vi lagar med dei linjalane vi har. Her får vi lære å utnytte det utstyret mange av oss har, men ikkje kan nok om, for det er så mange muligheter skjult i dei ulike linjalane og strekane på både dei og skjæremattene!

Ingun har laga modellar ho vil vise. Det vert påmelding til kurset på møtet, så om du vil være med men ikkje kjem på møtet, må du melde deg på til kursleiar Synnøve på tlf 980 05242.

Her er nokre bilder til  inspirasjon og som de ser så kan ein trekant lage mange nye former! Alle bilda er henta fra Pinterest .




Ei oppfording til medlemmane også: ta med deg ein eller fleire quiltar med trekantar for å inspirere oss andre!
  • Det vert som vanleg ein god kaffipause, matvertar er Elin Torvik Grov, Mona Skålerud, Linda Honningsvåg og Eli Kriken.
  • Lotteri
  • Vis og fortel

Velkommen til møte både nye og "gamle" medlemmer!




mandag 16. desember 2019

Flott stemning på Stårheim Julemarknad i går!

Klubben vår hadde stand på julemarknaden på Stårheim i går, og 5 av våre medlemmer laga til ei flott salsutstilling! I tillegg hadde eitt medlem eigen stand.

Her kunne besøkjande finne alt frå typiske juleting som hjerter av både stoff og papir, konglar, julekaker, vottar, brikker, gryteklutar, men også store ting som julenissesekkar, løparar, vesker og egendesigna barnekle!!

























Vi var i godt selskap med andre handverkarar inn i lokalet vårt! Her var det flotte dreia produkt, kransekaker og hekla ting til både bruk og pynt, heimelaga fluger til fiske, strikkating i store mengder og flotte dekorasjonar til jul. Sååå mykje fint!!!








Det kom mykje folk og vi er fornøgde med salet. Å ha stand på marknaden gav oss minst like mykje julestemning som dei besøkjande. Vi hadde stand innandørs, og rett utanfor var det sal av juletre, pyntegrønt, gode vafler frå Vaffleriet, telt med nisse, konkurransar,...ja alt som skulle til for å få denne koselige stemninga!

Og som ein av kommentarane så må vi være heilt enige, dette var akkurat som i Skomakargata!!

Legg ut bilder her og linkar til Facebooksider der marknaden også er omtala. Dette var så kjekt at her vil vi neste år også!!!

Stårheimsbygda si Facebookside!

lørdag 14. desember 2019

Vi blir å treffe på Stårheim julemarknad!!

Komande søndag, 15.12, vil klubben vår ha salsstand på Stårheim julemarknad.





Marknaden er open frå kl 14-18 og er i ungdomshuset Fram midt i Stårheim sentrum. Her vil nokre av medlemmane våre selje fine handlaga ting som er flotte å gje vekk som julegåver.


Du vil finne ma:

  • Løparar og kuvertbrikker
  • Vesker/handlenett
  • Toalettvesker
  • Tennbrikettbokser med pyntetrekk
  • Pynteting som julehjerter og juletre
  • Småting til små prisar, men  som er kjekke å gje vekk!
  • Julenissens gåvesekk
  • Ullkjolar frå SyOddny
  • Men også litt andre ting som vi syslar med, td tovavottar, mm.













mandag 2. desember 2019

Velkommen til Julemøtet!

I morgon tysdag 3. desember inviterer vi til årets koseligaste quiltemøte, til vanleg tid!


(bildet er frå butikken Primula Design i Eidsgata, teke sist laurdag!)


Vi pyntar lokalet fint, og for at det skal bli ekstra fint, så minner vi om utfordringa som de fekk på forige møte:

TA MED DEG DIN FINASTE JULELØPAR!!

  • Vi håpar at du har ein du vil vise oss, og du treng ikkje å ha sydd den sjølv!! 
  • Vi skal henge dei opp til pynt i lokalet, og dei som vil, kan også legge dei på borda til pynt så lenge der er plass då! Om alle 50 medlemmane kjem, så vil det då bli over 50 m med vakre løparar!!
  • Den kan være enten quilta, bordert eller rett og slett være eit veldig fint julestoff som er montert som løpar!
Møtet vert elles slik vi helst vil ha det,..."Same procedure as every year!"

Dette er litt av innholdet:

  • Nissemor Siv kjem med sin sekk med hemmelige julegåver til dei frammøtte, og som vanleg må du sjølv jobbe litt for at gåva skal bli ferdig! Så ta med deg gode briller og litt sysaker, resten har nissemor tenkt på!
  • Informasjon om kurs etter nyttår.
  • Referat frå siste styremøte.
  • Klubben spanderer litt varmmat, om du vil ha anna drikke enn vatn til, så må du ta det med sjølv. Matvertane stiller med kaffimat som vanleg.
  • Vis og fortel
  • Lotteri med veldig kjekke gevinstar!
  • Primula Design kjem med varer slik at du får både inspirasjon og stoff til å sy ferdig julegåver!

Velkommen til ein koselig kveld i lag med oss!