Det er julafta og i dag er det nok stille i dei fleste syromma!
Ei lita stjerne skal skine på dykk i dag også, det er den enkle og symbolske stjerna som står midt i bildet i julebodskapen.
Det er julafta og i dag er det nok stille i dei fleste syromma!
Ei lita stjerne skal skine på dykk i dag også, det er den enkle og symbolske stjerna som står midt i bildet i julebodskapen.
Dagen før dagen og nest siste stjernetips!
I dag viser eg ei enkel stjerne laga av filt, ullstoff eller anna fast stoff.
Alle bilda er frå Pinterest.
Stjerna i dag er "Friendship star" og er plassert på ein liten duk eller som del av eit teppe/veggteppe.
Bilder er henta frå Pinterest.
Lykke til!
Stjerna i dag er ei Kaleidoskop-stjerne!
Denne kan du lage på ulike måtar, enten ved bruk av symaskin eller du bretter og limer over papp. Akkurat den teknikken er ikkje vist her.
På sida til Hellosewing.com finn du framgangsmåten!
Lykke til!
Siste veka før jul er i gang, og snart vert det julekos i heimen.
Dagens stjerne er frå bloggen til danske Kludemarie.
Du kan lett endre på storleiken på stjerna, tegne deg ein mal med 60 graderslinjalen og sett i gang!
Lykke til!
På tide med litt større julepynt kanskje? I dag har du sjansen til å engasjere heile familien, for dette er noko alle kan få til! Og det er heilt utan sying!
Stjerna i dag er i utgangspunktet laga av papir, men du kan lett lime eit tynt stoff på papiret .
Framgangsmåten er enkel:
Fredagsarbeid, ikkje så mykje tid til overs i dag kanskje, så her kjem ei lita stjerne som du kan pusle med i sofakroken!
Stjerna er sydd av diamantar.
Lykke til!
I dag slepp du å sy, for du kan heller brette deg ei stjerne!