torsdag 30. november 2023
mandag 6. november 2023
Velkommen til novembermøtet!
Tida går fort og i morgon 7.11 er det allereie tid for å møtast att!
Denne gongen har vi langdag, og dørene opnar kl 12 slik at den som vil, kan komme for ei koselig "sy-i lag"-stund fram til ordinært møte startar kl 18.30. Ta med eigen mat, te/kaffi lagar vi til.
(bilde frå internett)Tema på møtet:
- Vi fortset med temaet Linjaler, har du ein som du kan fortelje litt om og gjerne vise noko du har laga av den? Ta med!!
- Ta med deg noko å sy på, sist starta nokre på stitcheryet "Julebakst", håper mange er i gang med dette. Om fleire vil sy, så ta med stoff og moulinegarn. Sjå elles innlegg om Oktobermøtet.
- Det vert informasjon og påmelding til veskekurs med Andre Wallenborg, kurset er i januar.
- Kom med ønsker og tips om aktivitet på syhelga 18.-19. november
- Og vi treng helt sikkert mange julegåvetips,......har du sydd noko du skal gje vekk, eller har du fått noko ein gong som er sydd, ta med deg og inspirer oss andre!!
- Elles vert det lotteri, "Vis og fortel" og kanskje fristar Primula Design med julerelaterte varer?
tirsdag 17. oktober 2023
Bilder frå Oktobermøtet
Haldis viste bruk av linjalen Hex n more, ein linjal som har utruleg mange bruksmåtar! Denne burde alle ha, sjå alle ulike modellane ho viste!!
mandag 2. oktober 2023
Velkommen til Oktobermøtet!
Så er vi komt til oktober og på tide med eit nytt og inspirerande møte tysdag 3.10!
Stad er som før; Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid kl 18.30-21.30.
Vi fortset med tema linjalar, ta med deg ein linjal du strevar med å bruke for å få tips. Men om du er veldig fornøgd med ein linjal, så ta den med og det du har laga med den!
Haldis har ein linjal som ho har brukt mykje, denne vil ho vise på møtet og kva ho har laga. Om du vil både "lære og gjere" med linjalen "Hex'n more", så ta med deg stoff skjæreutstyr og symaskin! Håper mange vil delta her!
MEN,.... kanskje du også vil delta i "Stitch i lag"?? Vi ynskjer å få til meir praktisk syaktivitet på møta, så vi prøver oss med eit stitchery som du kan sy på både på oktober- og novembermøtet! Og så blir det kanskje ei julegåve til slutt?
Mariann har laga eit julemotiv til å ha på eit bakehandkle, så dei som ynskjer å delta, får mønster på møtet. Ta med deg eit kvitt bomullsstoff (gamle laken er perfekt!!) ca 50x65 cm, blyant til å overføre mønster og moulinegarn til å brodere med (passar veldig godt med rød, blå eller brun farge). Primula Design har også kvitt stoff med.
Program for kvelden ser elles slik ut:
- Aktuell info frå styret
- Lotteri
- Vis og fortel
- Godt utval av stoff frå Primula Design
- .....og kaffipause v/ Matvertar: Eli Kriken (leiar), Gitte Lefdal, Mona Skålerud, Reidun Starheimsæter






























































































