
Eit flott Jubileumstreff er over og vi sit att med mange gode minner. Og ikkje minst; mange bilder av alle flotte arbeida som var stilt ut i Stårheim kyrkje.
Ekstra kjekt var det å sjå at også eksterne quiltarar bidrog med å stille ut flotte arbeid, så tusen takk for det.
Vi klarte å fylle kyrkja med store tepper, veggtepper, puter, løparar og vesker. Mange var imponerte over den mnegda som vi stilte ut i kyrkja, men vi trur at vi har produsert mange gongar denne mangda i løpet av dei 30 åra vi har halde på.
Vi er no 43 medlemmer, men vi har mange som har vore innom klubben, nokre har kome tilbake og nye har kome til. Og vi har alltid ein plass til den som har lyst til å være i lag med oss og dele gleda over å sy og skape noko i flotte fargar.
Her er bilda som vart teke i Stårheim kyrkje i Stad kommune i Nordfjord.
















































































