søndag 22. juni 2025

Bilder frå sommaravslutninga i juni!

 Sommaravslutning er tradisjon, då lagar vil til litt ekstra med god mat, vi har langbord og vi har sjølvsagt Vis og fortel.

Denne gongen vart underteikna svært overraska, for her hadde to medlemmar blitt  inspirert av "Clipart-bildet" som stod på innkallinga. Dei hade laga fine applikasjonsbilder til å montere på veske og pose. Veldig kjekt å kunne inspirere slik!!




Mange små praktiske poser til å ha i veska på tur!!

Dette er korsstingsbroderi!!



Praktisk "reisepose" til teposane!!


Eit kjøpeskjerf i silke, men med lappemønster!

Løpar under arbeid, frå årsmøtekurset vårt i vår!

Omslag til praktisk kokebok med plastlommer. Eit godt tips om ein skal gje vekk sine beste oppskrifter til barn eller venner!





Dette mønsteret skal vi ha kurs i med Mona Rosvold til hausten!  Posh Penelope.
Kontakt Janne om du vil melde deg på, vi har opa påmelding slik at andre enn våre medlemmer kan melde seg på her. Kursleiar har nr 90725996.








Jubileumsbåten vår "Nåla", sydd av Ragna!



Ein god gammaldags handarbeidspose,....mange har vel ein liknande??


















Nydelig applikasjonsteppe, mønster av Laura Heine , "Birch street"






Takke til matvertane som laga til både god stemning og god mat!!




GOD QUILTESOMMAR!

Bilder frå marsmøtet!

 Bilda frå marsmøtet, litt seint, men like kjekt med bilder å sjå tilbake på. 


Dette var møtet rett før vi hadde Jubileumstreffet vårt, og vi hadde visning av det flotte lotteriteppet vårt som alle har sydd på dugnad.










Liggjande eller ståande.... dette var ein kursmodell til årsmøtet i 2024. Her er det flott å bruke mange restar og med svart og kvitt som basisfarge!




Her er det brukt handsaum for å lage mønster, Sashiko heiter teknikken.






Her har medlem Elna samla småprosjekt som medlem Siv har laga til for oss på julemøta i fleire år. Fantastisk!


På møtet viste Rigmor oss korleis ein syr praktiske "skålholdarar"!

HER er link til mønster!


Takk til matvertane for god servering til pausen!








søndag 1. juni 2025

Velkommen til sommaravslutning!

 Det er juni og det er blitt sommar!! Tysdag 3.6 inviterer vi til siste klubbmøte før vi tek ferie.

Sommaravslutninga vert på Stokkenes gjestegard kl 18.30-21.30 og matkomiteen er i sving for å lage til ein triveleg sommarkveld for oss.

På møtet vert det påmelding til kurset vi skal ha i september med Mona Rosvold, så det er viktig at dei som vil delta kjem på møtet for å få meir informasjon, eller kontakter kursansvarleg Janne direkte. Sjå meir info på FB sida NLQ medlem.

Tips til aktivitet: Dette bildet av koppen over her, kan du bruke som applikasjon eller stitchery på ei brikke eller i endane på ein løpar. Enkel applikasjon med "raw edge" der du syr med rettsaum på maskin inn på stoffet elelr brukar enkel handsaum på. Ta med bakgrunnsstoff, stoff til motiv og vlisofix. Du finn bildet  som PDF på NLQ Medlem.

Innhold på møtet blir slik vi har det elles:

  • Info frå styret
  • Aktivitet: Du tek med det noko å sy på, lukkekant, stitchery, eller treng du hjelp eller tips til noko?
  • Ein GOD matpause med kaffi/te
  • Vis og fortel, vi vil gjerne sjå det du held på med, ferdig eller ikkje! Og gjerne noko sommarleg, vi treng sytips til den lange sommarferien vår!!
  • Kanskje butikken Primula Design dukkar opp med noko som vi sikkert treng....
  • Lotteri

Velkommen til ein koselig sommarkveld!!