søndag 3. november 2019

Bilder frå septembermøtet!

Denne hausten har vi nåleputer som tema, vi har kjøpt ei bok som vi skal bruke som inspirasjon.

På dette møtet oppmoda vi medlemmane til å ta med nåleputer, og det var mange fine å sjå.



På junimøtet fekk alle medlemmane eit mønster, ein blomst, som dei skulle bruke til å sy ei nålepute av, sjå kor mange flotte eksempel her!!








 Imponerande handsaum!!






























 Klubbkveldane våre har gode innslag som dette: fristande varer frå butikken til Primula Design og nydelig kaffimat som matvertane syter for. Tusen takk til desse som alltid gjer ein god jobb for oss medlemmar!







torsdag 31. oktober 2019

Velkommen til novembermøte!

Det er snart november og vi ynskjer velkommen til møte 5.11 kl 18.30 på Stokkenes gjestegard.

På dette møtet får vi besøk av Sølvi Mikkelsen  frå Sølvi quiltestudio. Ho skal levere nokre ferdigquilta tepper, og opplyser at om nokon vil ha quilta tepper, så kan ho ta imot dei på møtet!

Tema på møtet vert å sy ei lita nålepute i ein teknikk,..... det er Anne Marit Daviknes som har teke utfordringa til å vise teknikken. Så ta med litt stoff og sysaker, det er ikkje mykje som skal til her!

INFO  frå Anne Marit om den nåleputa ho vil vise! (vi veit ikkje kva for ei ho har valt ut!!)

Til den nåleputa treng ein 9 rektangel på 1 1/8×1 3/4 inch . i assortert valg fri farge. Samme mål i lyse stoff. 1 bit på 4 3/4"×4 3/4" til bakstykke. 2 biter med tynn vatt.  Anne Marit har  berre brukt 3 farger av kvar!

Vi har tidlegare nemnt at vi kan delta på julemarknaden som skal være på Stårheim 15.12. No veit vi at vi kan få være i lokale inne, så det er fint om dei som kan tenkje seg å delta med noko, seier frå enten på møtet eller sender melding til underteikna på tlf 95869301 snarast. Det er litt nær jul, men tenkjer at dette er ein fin plass til å vise litt av det vi gjer og vi kan dele ut litt info om klubben samstundes. Og er vi meir enn to som hittil har meldt seg til å være med, så kan det bli ein fin stand! Så om du ikkje har så mange ting, så blir det mykje når vi er fleire!

Det vert elles vanleg møteinnhold:

  • Lotteri
  • Litt butikkvarer frå Primula Design
  • Ein god kaffipause
  • Vis og Fortel, kanskje med quiltar frå siste kurs?
  • Og god prat over syarbeidet 

Velkommen

mandag 30. september 2019

Oktobermøte!!

Velkommen til nytt quiltemøte i morgon 1. oktober!


På dette møtet startar vi opp med "Nåleputestafetten" som aktivitet. Vi har kjøpt ei bok full av idear til flotte nåleputer, og vi har utfordra medlemmane våre til å velge ei nålepute som dei syr modell til og lærer teknikken vidare til oss andre på møtet.



Denne gongen er det Janne som har teke utfordringa, og no er vi spente på kva vi skal lage. Det du treng å ha med deg er:

  • Vanlige sysaker til handsaum
  • Stoffbitar i fargar du likar
  • Fyllvatt
Onsdag 2.10 er vi inviterte til klubbmøtet til Gloppen Lappe- og quilteklubb, og vi har antyda til dei at om lag 15 av oss kjem på besøk. Vi håpar at dei som har tenkt seg på møtet, vil komme på vårt klubbmøte slik at vi kan samordne køyring.

Gloppen har "handlenett" som syaktivitet, så om du har sydd eit, må du ta med deg til "Vis og fortel"! Ta også med deg utstyr og stoff om du vil sy på dette møtet, gjerne mønster og gode tips!

På vårt møte i morgon vert det vanleg møteaktivitet med:
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Primula Design med quilterelaterte varer
  • Vis og fortel

Velkommen til møte!

fredag 13. september 2019

Invitasjon til naboklubben vår!

Onsdag 2. oktober er vi inviterte til klubbmøtet til Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Dei har møtetid kl 18-22, når og korleis vi reiser avtaler vi på vårt møte som er dagen før.

Vi er ca 15 som førebels har lyst til å fare på besøk.


Dette bildet er lånt frå sida deira!

Vi oppfordrar alle til å ta med noko til "Vis og fortel" og sidan dei har "handlenett" som tema på møtet, tek du med ditt tips til handlenett. Det er også høve til å ta med symaskin vil de sjå under her.

Her er klipp frå sida deira:


Oktober:
Handlenett, fokus på miljø og redesign ved Elin.

Ta med stoff til enkelt (stødig stoff, franske saumar) eller dobbelt handlenett (gamle dynetrekk er fine til for). Vatt er unødvendig i desse. Du treng symaskin.

Det er flott om medlemmar som har sydd handlenett, tek dei med og viser. Dersom du har andre ting du har sydd av brukte stoff/klede etc., ta med, så lagar vi utstilling. Vi skal inspirere kvarandre!

søndag 1. september 2019

Quiltemøta startar opp att!!

Tysdag 3. september er vi i gang att med våre kjekke møter på Stokkenes Gjestegard.

Møtetida er som før: kl 18.30-21.30! 


Velkommen til møtet til alle medlemmer og til nye som har lyst til å bli med i klubben vår.

Det er ikkje spesielt opplegg på dette møtet, men vi håper at du tek med deg eitt eller anna som du syr på.

15 av klubben sine medlemmar har denne helga vore på syhelg i Vedvik, og på møtet vil du kanskje få sjå noko av det vi har sydd på. Ein liten sniktitt her på noko som er under arbeid, for temaet var ma. bruk av stoffrestar!!

Litt info:
  • Det er ynskje om at dei som er med på "systafetten", tek med blokkene sine på møtet, ferdig eller ei, men litt greit for dei ulike gruppene å snakkast om kor langt ein er komne.
  • På junimøtet fekk alle mønster til ein blomst, med oppfordring om å bruke motivet i ei nålepute. No er vi spente på om det er blitt noko resultat..... så ta med deg!! Og er du ikkje ferdig, så kan du få tips til å sy på den på møtet, Ta med deg stoff og fyllvatt i så fall!
  • Primula Design er der med mykje flotte varer.
  • Kaffipause v/desse matvertane: Laila Brekke, Britt Hanebrekke, Bodil Johnson, Ingun Vaksdal.
  • Lotteri med quilterelaterte gevinstar.
Velkommen!

lørdag 31. august 2019

Velkommen til syhelg!

Då ynskjer vi velkommen til ei flott syhelg denne helga heilt ute ved storhavet. I Vedvik.

Det er også meldt skikkelig syveir med regn i store mengder og truleg også vind opp til storm styrke! Så her skal vi virkelig kose oss!!


Og vi skal ha god mat i pausane, eit skikkelig spleiselag der alle tek med noko og sosialt samver om kvelden.

Så dette gleder vi oss til!!

Velkomne!

PS! Husk symaskina! ...ledning og pedal!  :)

torsdag 22. august 2019

Kurs med Nina Lise Moen!

Vi er så heldige å få Nina Lise Moen til å holde eit fargesprakande kurs i haust!  Sett av helga 25. -27. Oktober og meld deg på snarast til Synnøve! Her er det først til mølla som gjeld og det er 15 kursplassar!

Kurset startar fredag og vi får grundig innføring i fargelære. Seinare blir det "Rose/storm"  og "Blomstereng"  der vi får god nytte av å kunne litt om fargar. Vi får sjølvsagt med oss spennande teknikkar og tips!

Studer dei flotte bilda og meld deg på allereie no. Nina Lise har med seg materialpakkar til dei ulike arbeida, vi har ein frist til 15.9 for bestilling av desse pakkane. Det blir meir info på medlemsmøtet, men kontakt Synnøve om nødvendig.